Advokaten blei tatt i 126 kilometer timen i Lærdalstunnelen. Som straff for fartsoverskringa gav Sunnmøre Politikammer, som handterte saka, eit førelegg på 6000 kroner. Advokaten fekk behalde førarkortet.

Også jarnbindaren Miguel José Farlora køyrde i 126 kilometer timen gjennom Lærdalstunnelen. Han blei stilt for retten, fråteken førarkortet, fekk 14 dagar fengsel på vilkår og 9000 kroner i bot.

— Etter mi meining er det i denne saka ingen ting å seie på at politiet nytta seg av rabattordninga og gav advokaten ei bot på 6000 kroner, meiner statsadvokat Jan Hoel i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

La korta på bordet

Den høgst spesielle fartsoverskridingssaka frå verdas lengste vegtunnel, har fått brei mediaomtale etter at sorenskrivar Steinar Velle i Indre Sogn reagerte. Medieoppslaga om Miguel som fekk svi medan advokaten gjekk fri, har gått landet rundt. Det fekk også statsadvokaten til å sjå politiets handtering.

Det har han no gjort seg ferdig med. Hoel frikjenner politiet, og gjev uttrykk for at det som har skjedd er heilt OK. Han meiner bevisa mot advokaten var så dårlege det var greitt av politiet å la advokaten sleppe billig, etter at han hadde lagt korta på bordet og tilstått.

— Det spesielle med advokaten si sak var at politiet ikkje vurderte bevisa som gode nok. Dei måtte anten leggje vekk saka, eller setje i gang meir omfattande etterforsking. Då advokaten tilstod, fann politiet å kunne tilby han eit førelegg på 6000 kroner for å bli ferdig med saka, opplyser Hoel.

- Ingen kommentar

I eit intervju i gårsdagens utgåve av Sogn Avis får Hoel fleire spørsmål kring dei manglande bevisa. Både advokaten og jarnbindar Farlora vart tatt i ein automatisk kontroll av ein fotoboks. Hoel får t.d. spørsmål om advokatens ansikt ikkje var synleg, og om han køyrde ein annan bil enn sin eigen? Men statsadvokaten nektar å forklare kva det var som var for dårleg.

— Dette er informasjon eg ikkje kan gå ut med. For det er rett og slett ikkje offentleg tilgjengeleg. Dette har med rettsvern å gjere, svarar statsadvokaten.

Han legg til at det er første gongen han har høyrt om at det er blitt gitt strafferabatt ved ei fartsoverskriding.

— Vanlegvis blir rabattordninga brukt i større narkotikasaker, seier Hoel.

MÅTTE LEVERE LAPPEN: I sju månader har Miguel José vore utan førarkort, etter at han vart knipsa av fotoboksen i Lærdalstunnelen. Ein rik advokat slapp langt lettare unna med ei identisk fartsoverskriding.
Foto: Jens Hauge