Ein typisk situasjon på dei aller fleste legekontor: Neste pasient er «fast kunde» — ein av dei som stadig kjem tilbake og klagar over kroppslege plager, utan at legen finn årsak til problema.

Pasienten gjentek og gjentek plagene sine, men føler seg avvist av legen. Mens legen på si side opplever pasienten som vanskeleg, til og med hypokonder, og seg sjølv som passiv mottakar av evige klagesongar.

No viser eit nytt doktorgradsarbeid ved Universitetet i Bergen at helsedagbøker kan vere ein effektiv metode for å endre slike fastlåste samtalar.

Helsedagbøker som skriftleg hjelpemiddel gjer informasjonen frå pasienten meir medisinsk relevant, og dessutan meir konkret.

Seksten sogningar skreiv

Per Stensland, spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin, og førsteamanuensis og kommunelege i Sogndal, bad seksten pasientar om å skrive dagbok om helseplagene sine. Både kvinner og menn, unge og eldre, med ulike plager og diagnosar, deltok i prosjektet.

Førre veke disputerte Stensland ved Universitetet i Bergen, og kunne mellom anna vise til desse resultata:

  1. Ny informasjon frå dagbøkene førte til ei total revurdering av plagene til nokre av pasientane.
  1. Etter å ha skrive dagbok, såg andre pasientar på helseplagene sine med nye auger. Dei fann ut at plagene var til å leve med, og slutta å gå til lege.
  1. Helsedagbøkene førte til nye typar samtalar på legekontoret. Nokre pasientar hadde fått hjelp til å finne andre ord for plagene, som gav betre meining både for lege og pasient.

— Helsedagbøker som metode kan få fram nye typar samtalar mellom lege og pasient, forklarar Stensland til BT.

— Ofte terpar legen om og om igjen på dei same spørsmåla, for å leite etter fysiske forklaringar, i staden for å stoppe opp og spørje korleis pasienten sjølv oppfattar desse plagene. Å skrive dagbok er eit hjelpemiddel for å få pasienten til å både reflektere over og setje ord på eigne helseplager.

Meir økonomisk

I tillegg til at helsedagbøker er effektivt for å betre kommunikasjonen på legekontoret, kan dei også ha andre fordelar.

— Den primære gevinsten er for pasient og lege, men arbeidsmetoden kan også ha samfunnsøkonomiske fortrinn, seier Stensland til BT.

— Låste samtalar blir ofte kostbare. Dei fører til endå fleire og unødvendige undersøkingar, fordi det er det enklaste. Gjennom helsedagbøker får legen tilgang til å forstå korleis pasienten snakkar med seg sjølv om plagene sine, og då kan det oppstå nye typar samtalar og samhandling, slik at det «løsnar».