Litt før tida, men i god form kom først Marius til verda klokka 01.29, og fire minuttar seinare var broren Mats ute.

Siv Kristin Kyrkjeeide sine tredje og fjerde born vog 2275 og 2515 gram ved fødselen på Stord sjukehus si fødeavdeling 1. nyårsdag.

Frå før har Siv Kristin Kyrkjeeide og Tommy Eidsvik frå Uskedalen i Kvinnherad ein gut på 13 år og ei jente på 10.

Ved fødeavdelinga på Odda sjukehus var det til i går kveld ikkje kome nyårsborn, heller ikkje på sjukehuset på Voss, der det var ein fødsel knapt to timar før 2003 var ute.

Fødeavdelinga ved Førde sentralsjukehus kunne heller ikkje melda om nyårsborn i går, men derimot fleire fødslar nyårsaftan.

<b>DOBBEL LUKKE:</b> Siv Kristin Kyrkjeeide med årets nyårsborn i Sunnhordland, tvillingane Marius t.v. og Mats som blei fødde klokka 01.29 og 01.33 på Stord sjukehus i går.<p/>OVE ARNE OLDERKJÆR (tekst og foto)