RAGNHILD HOV

Helsestyresmaktene med stortinget i spissen har kravd at sjukehusa må gjera opp budsjetta sine i balanse.

Men leiinga i Helse Bergen har trassa vedtaka og foreslår at budsjettet vert gjort med eit underskot på 147 millionar kroner.

— Det er det beste vi kan få til utan at vi bryt dei pliktene vi har i høve til pasientane, slår administrerande direktør Anne Bogsnes fast.

Administrasjonen i Helse Bergen har klart å styra unna innstrammingar som ville føra til nedlegging av avdelingar eller institusjonar.

— Men alle avdelingar vil merka dei strenge økonomiske rammene, seier direktøren. Ho kan ikkje lova at ikkje pasientane vil merka den stramme økonomien..

— Med auka pasientstraum og nye pasientrettar vil det vera ei stor utfordring å halda budsjettet slik det no ligg på bordet.

— Vi har dessutan tidlegare fått signal om at vi skal få ei betring av rammevilkåra i 2006 som vil gje oss om lag 100 millionar ekstra. Auken er venta å koma fordi Stortinget har gjeve signal om at skeivfordelinga av løyvingane mellom helseregionane skal rettast opp.

Men i går la helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen fram styringsdokumentet for i år for dei fem regionforetaka.

— Dokumentet gjev så langt eg kan sjå ikkje nokon lovnader om at rammevilkåra vil verta endra for neste år, seier ho. Bogsnes er difor usikker på om styret i Helse Vest vil godta eit nytt underskotsbudsjett frå Helse Bergen.

Helse Bergen er mellom dei mest kostnadseffektive foretaka i landet. Og med dette budsjettforslaget vil foretaket ha fått ei effektivisering på heile 5,7 prosent i 2004 og 2005.

— Dette er svært ambisiøst. Her er ingen reservar. Men klarer vi oss gjennom dette året, er vi over den verste økonomiske kneika, seier Bogsnes.