Ulukka skjedde like etter klokka 11.00 i går føremiddag ved den nederste brua på vegen inn til Briksdalsbreen. Politiet avhøyrde i går ettermiddag kusken, som ikkje har noko god forklaring på kvifor det gjekk gale.

— Eit eller anna har skremt dyret. Kusken prøvde å få kontroll, men miste fotfestet og blei dratt eit stykke etter taumane før han greidde å komme seg laus. Til slutt gjekk det for fort og vogna velta i ein sving, opplyser Rolf Knutsen ved Stryn og Hornindal lensmannskontor.

Kan ha blitt skremd

Til Bergens Tidende seier Roger Haugen i Oldedalen skysslag at hesten kan ha blitt skremd då turistane som sat i vogna rista på nokre teppe, etter at det spruta vatn inn i stolkjerra då dei passerte fossen brua går over.

— Eg har blitt fortalt at eit av teppa skal ha hamna fram mot hovudet på hesten, og truleg har det også blitt litt høge lydar. Men vi er ikkje sikre på at dette var årsaka, seier Haugen.

Vogna velta inn i vegen, og opp mot ein fjellknaus. Då dei første meldingane om uhellet kom verka det relativt dramatisk, og eitt helikopter og to ambulansar blei sende til staden. Men ingen av dei tre turistane fekk alvorlege skader.

Kuttskadar

— Etter det vi har forstått er det snakk om kuttskadar, og kanskje hjernerystelse på den eine, opplyser Haugen. Dei tre, som var med i eit asiatisk reisefølgje, blei alle sende til Førde sentralsjukehus for vidare sjekk etter først å ha fått legehjelp på staden.

Hesten som sprang ut, ei 11 år gammal merr, blir permanent tatt ut av skysstrafikken.

— Det gjer vi alltid. Ein hest som gjer slikt, uansett kva årsaka måtte vere, kan vi ikkje bruke lenger, seier Haugen.

Etter uhellet i går føremiddag blei hesteskyssen stoppa for dagen. Til Bergens Tidende seier Haugen at dei no må ta hesteskyssen opp til ny diskusjon:

— Vi er veldig rådville. Før årets sesong reduserte vi talet på hestar med ein tredjedel. I tillegg har vi fokusert maksimalt på tryggleik. Men vi har trass alt med dyr å gjere, og kan ikkje garantere noko som helst. Når dette no skjedde igjen, må vi ta ein ny debatt om kva vi skal gjere i framtida.