HANS K. MJELVA

Då Kulturkomiteen på Stortinget i februar la fram si innstilling om eit nytt digitalt bakkenett i Noreg, bad dei «departementet vurdere om konsesjonæren for det digitale bakkenettet NTV kan lokaliseres utanfor Oslo-området».

Dei fleste rekna då med at Bergen låg svært godt an til å få eit stort nytt tv-miljø til byen.

Men i utkastet til konsesjonsvilkår som Kulturdepartementet sendte ut i slutten av oktober, er lokaliseringskravet fjerna.

I praksis betyr det at Norges Televisjon AS (NTV), som TV 2 og NRK eig saman, kan bli lagt til Oslo i staden for Bergen. Det står her om mellom 50 og 150 høgkvalifiserte jobbar (sjå undersak).

— Ingen spesiell grunn

Ekspedisjonssjef Roy Kristiansen i Kulturdepartementet har inga forklaring på kvifor formuleringa ikkje er med.

— Det er ikkje nokon spesiell grunn til det. Dette er jo ikkje endelege vilkår - det som er sendt ut er eit førebels utkast, seier han.

— Så lokaliseringsvilkåret kan bli tatt inn att?

— Det kan det.

— Er det eit politisk vedtak som ligg bak at punktet er fjerna?

— Nei, dette ikkje endeleg politisk handsama, seier han.

Ifølgje ekspedisjonssjefen vil ikkje saka bli avgjort før nærmare jul, men etter det BT forstår frå anna hald vil mykje bli avgjort allereie denne veka.

NRK-lobby

Den nye vrien frå departementet har sett sinna i kok i det politiske miljøet i Hordaland.

I går sendte fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) eit brev til statsministeren, der ho krev at lokaliseringsvilkåret blir tatt inn i konsesjonsvilkåra.

— Det mogleg at dette skal avgjerast allereie i regjeringa denne veka. I følgje dei opplysningar vi fått er alt anna avgjort enn lokaliseringa, seier Nyborg.

— Vi veit at sterke krefter i Oslo vil ha det til Oslo og har drive lobby for det.

— Kven?

— Blant anna har eg høyrd NRK, seier Nyborg.

- Ingen lokaliseringskrav

Nyborgs partifelle, statssekretær Yngve Slettholm i Kulturdepartementet, avviser at dei har blitt utsett for press frå NRK i denne saka.

— Ikkje i det heile. Vi har berre møtt forhandlarar frå NTV, seier Slettholm.

Han er usamd i at formuleringane frå Kulturkomiteen gjer det naudsynt å legge inn lokaliseringskrav i konsesjonen.

— Nei, det vil eg ikkje seie. Dei ber departementet å vurdere det. Vi vurderer det, og er enno ikkje ferdig. Vi må vurder kor tungtvegande kravet er i høve til alle andre krava som ligg inne, seier Slettholm.

Han viser til at lokalisering kan få økonomiske konsekvensar, og at det difor må sjåast opp mot andre krav. NTV skal drive etter sjølvkost, i følgje Slettholm.

Vil ta opp saka

Ola T. Lånke (KrF), som var ordførar for saka i Kulturkomiteen, var ikkje klar over sak då BT tala med han i går. Sjølv om komiteen berre kom med eit ønskje, er han kritisk til at departementet ikkje her følgjer intensjonane frå komiteen.

— Ein har sett bort frå ønske som er lagt inn frå Stortinget. Du kan jo sjølv vurdere kor sterkt det er. Men det er klart at det har lite for seg om regjeringa gjer det til vane å sjå bort frå slike formuleringar. Då må ein kanskje bruke sterkare verkemiddel seinare, seier Lånke, som no vil ta saka opp med departementet.