Justisminister Odd Einar Dørum og kulturminister Valgerd Svarstad Haugland avgjorde plasseringa av det nye tilsynet måndag. Dette vil truleg gje ti nye arbeidsplassar i Førde, melder Firda.

Tilsynet skal vere i drift frå 1. januar 2005, då ei ny lov om stiftingar tek til å gjelde. Fleire kommunar har vore med i kampen om å få Stiftingstilsynet.