Bakgrunnen er at utbygginga vil krevje store skredsikringstiltak, blant anna ein tre meter høg rasvoll. Dette meiner fylkeskultursjef Ingebjørg Erikstad vil medføre for store inngrep i kulturlandskapet, og ho går derfor imot planane.

Den planlagde bygningen på Astruptunet vil koste 67 millionar kroner, og skal bli eit besøkssenter med utstillingar, kafe og toalett.

Norges Geotekniske Institutt (NGI) har gjort grundige vurderingar av skredfaren i området, men rasvollen kan verken flyttast eller gjerast mindre om tryggleiken til tunet skal ivaretakast.

I dialog med planleggjar og geologar har kommunen lagt opp til ei anna utforming av rasvollen, som skal gjere den mindre prangande i landskapet, skriv avisa Firda.

Så dersom fylkesutvalet ikkje godtek reguleringsplanen, blir saka sendt til Miljøverndepartementet for avgjerd.