ARNE HOFSETH Voss har markert seg på vêrkartet i sommar. I fire dagar var bygda varmast i landet, og termometeret på Voss var det første offisielle som viste over 30 grader i Noreg i år. 11. august kom varmerekorden på 32,4 grader, den blir sannsynlegvis ståande for 2004.

Om Vossabygda har fått ein ekstra dose med global oppvarming? Slett ikkje.

«Feilplassert» før

Det har garantert vore varmare på Vangen, men dei siste par mannsaldrane har det offisielle termometeret stått på Bø i Tjukkebygda, i lia ovanfor Bømoen. Her er det kjøligare om sommaren og mildare om vinteren enn nede i dalbotnen. Alle som har reist med Dinglo eller Danglo på Hangursbanen på ein kald vinterdag, har merka kor mykje temperaturen endrar seg i løpet av dei fire minutta turen tek.

Vossingar flest har lenge ergra seg over at korkje varme— eller kulderekordar vart registrert på grunn av plasseringa av termometeret som offisielt tek tempen på Voss.

No er ein ny, automatisk observasjonsstasjon bygt på idrettsplassen i Prestegardsmoen, like ved og på same nivå som gatene på Vangen. Dermed samsvarar offisiell temperatur med den varmen folk flest opplever på Vangen.

Til vinteren kan det bli snakk om kulderekordar.

Kortklipt gras

Ingenting vert gjort på slump med meteorologiske observasjonar. Offisiell temperatur skal målast 200 forskriftsmessige centimeter over kortklipt gras.

— Under termometeret skal det vera gras, og graset skal etter forskriftene vera kortklipt, fortel Jan Mostrøm i Meteorologisk Institutt sin Observasjonsdivisjon til Bergens Tidende.

Han var med på monteringa av den nye, automatiske målestasjonen på Voss i januar, og fraus skikkeleg på beina.

— Temperaturen blir feil dersom termometeret til dømes heng for lågt over varm asfalt, forklarer Mostrøm.

Men vi får ikkje heilt tak i om temperaturen ville blitt høgare eller lågare om termometeret hadde hengt over langt gras, i staden for kortklipt.

Vind, lufttrykk og nedbør

Det nye Vossa-termometeret deler eit luftig, bikubeforma «hus» med ein lufttrykkmålar. Det er festa på ein bom som stikk ut frå ei ti meter høg mast. I mastetoppen står instrument som måler styrke og retning på vinden.

Litt nærare tennisbanane står eit lågt fugleskremsel av ein nedbørsmålar.

— Automatisk, den også, proklamerer Mostrøm.

Nedbøren vert samla i ei ti liters bøtte som står på ei vekt, så finjustert at ho registrerer kvar regndrope. Kor mykje vatn det er i bøtta, kan til kvar tid lesast av i Bergen. Milligram blir omrekna til millimeter. Nedbør siste tretti døgn finn du ved å trekka frå det vekta viste sist månad.

— Og når bøtta er full?

— Då må ho nok tømmast. Bortsett frå det, er stasjonen heilautomatisk. Og så må parkvesenet syta for at graset er kortklipt, presiserer Mostrøm.

Før måtte stasjonen plasserast der dei fann ein pliktoppfyllande observatør. No er det vanskeleg å finna folk som vil binda seg til å lesa av instrumenta til faste tider kvart døger år ut og år inn.

Namnekrøll på Finse

Når ein vêrstasjon vert flytta, blir også namnet endra, elles risikerer ein samanlikning med tidlegare tal frå ein stasjon med ulik plassering. Voss kan veksla med Vossevangen, men på Finse er stasjonen flytta så mange gonger at Finse-namnet er i ferd med å bli oppbrukt. Finsevener likar dårleg at stasjonen i dag heiter Finsevatn. Ikkje alle veit at det er få meter unna stasjonsbygningen.

KORTKLIPT GRAS: Gunnar Monsen syter for at graset under termometeret på den nye observasjonsstasjonen på Voss er forskriftsmessig kortklipt.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH