OVE ARNE OLDERKJÆR

Irlin Grødem (27) omkom då eit hus på Årvoll i Oslo blei totalskadd i brann i januar 1998. Ho fekk beskjed av brannvakta om å halda seg i loftsleilegheita til ho blei henta av brannkorpset. Men grunna misforståing i korpset blei Irlin gløymt att på loftet til det var for seint.

— Veldig skuffande. Ein stiller dårleg overfor byråkratiet, seier Marit Grødem frå Stord til Bergens Tidende etter rettsavgjerda i Borgarting lagmannsrett denne veka.

Lagretten forkasta anken over frifinninga av Oslo kommune/Oslo Brannvesen i Oslo tingrett i fjor.

Statsadvokaten meinte at Oslo kommune måtte stå strafferettsleg ansvarleg for at Irlin Grødem ikkje blei berga ut, og ila kommunen ei føretaksstraff på ein million kroner. Kommunen nekta å betala, og dermed hamna saka i rettssystemet.

To gonger har Marit Grødem (60) måtta ta belastninga med å vitna i retten om omstenda kring dottera sitt dødsfall. Ho og retten har blant anna fått spelt av lydbandopptaket av samtalen mellom Irlin Grødem og brannvakta den fatale kvelden 8. januar 1998. Der går det tydeleg fram at vaktmannen ber Irlin bli i husværet til ho blir henta.

— Eg blir aldri ferdig med dette. Men rettsleg kjem me visst ingen veg, seier Marit Grødem.

Advokaten hennar, Frode Sulland er også veldig skuffa over dommen. Han er overraska over at lagretten ikkje finn nokon årsakssamanheng mellom Irlin Grødems død og det faktum at kommunikasjonssvikt i brannvesenet førte til at ho ikkje blei henta ut av det brennande huset. Sulland vil vurdera om det er grunnlag for å føra saka vidare.

INGEN FÅR SKULD: Heller ikkje i lagretten fekk Marit Grødem (60) medhald i at brannvesenet kunne ha berga dottera Irlin frå dødsbrannen i Oslo dersom kommunikasjonen i etaten fungerte. Irlin Grødem døydde 27 år gammal.<br/> ARKIVFOTO: OVE A. OLDERKJÆR