Ny styreleiar for dei komande to åra er Clara Øberg, ifølgje ei pressemelding frå helseforetaket.

Øberg overtek etter Tore Thorsnes som har vore leiar i ein to-års-periode.

Nye styremedlemer er Bodil Førde og Reidun K. Halland. Kjell Opseth held fram som nestleiar, og Knut Cotta Schønberg og Helge E. Bryne held fram som styremedlemer i tillegg til dei tre tilsetterepresentantane Arthur Norevik, Kjell Nygård og Anne June Iversen Huus.

Det nye styret trør i kraft frå 1. juli 2005.