Det statlege tilsynsorganet skal samlokaliserast med Statens Lotteritilsyn.

Justisminister Odd Einar Dørum og kulturminister Valgerd Svarstad Haugland avgjorde plasseringa av tilsynet måndag. Avgjerda vil truleg gje ti nye arbeidsplassar i Førde.

Tilsynet skal vere i drift frå 1. januar 2005, då ei ny lov om stiftingar tek til å gjelde. Fleire kommunar har vore med i kampen om å få Stiftingstilsynet.