— Med dette opplegget blir Jernbaneverket premissleverandørar. Vi får ikkje den uhilda utgreiinga som er lova, seier Jørg Westermann til Bergens Tidende.

VWI står for Verkehrswissenshaftliches Institutt ved Universitetet i Stuttgart, som har levert tilbod i samarbeid med relevante institutt ved høgskulane i Berlin og Dresden, og to konsulentfirma, eitt i Stuttgart og eitt i München, fortel plansjef Anita Skauge i Jernbaneverket til Bergens Tidende.

Norsk terreng

Jørg Westermann har gjort seg næring av å detaljutgreia høgfarts jernbaneliner over store delar av landet, utan å overtyda Jernbaneverket om at dette er framtida for norsk jernbanedrift. Han er dagleg leiar av Norsk Bane AS som har utbygging og drift av eit norsk høgfarts jernbanenett som mål.

Norsk Bane AS protesterte høglydt då Samferdsleminister Liv Signe Navarsete, etter signal frå Stortinget, gav Jernbaneverket i oppdrag å få laga ei utgreiing. Ho vil mellom anna vita meir om det er kostnadsmessig fornuftig å bygga slike jernbaner i norsk terreng og med det busetnadsmønsteret vi har.

Protestane stilna noko då Jernbaneverket bestemte seg for å leiga inn uhilda konsulenthjelp. Med valet av VWI er bråket i gang att.

Ber om irettesetting

Westermann har skrive brev til regjeringspartia sine medlemer i Stortingets transport- og kommunikasjonskomite, og bede dei snakka Jernbaneverket til rette.

— Kvifor ikkje statsråden?

— Ho har fått kopi. Så vidt eg har forstått, vil ho gjera seg inhabil i ei eventuell klagesak dersom ho grip inn no. Difor går eg rett til stortingsrepresentantane frå regjeringspartia. Opposisjonspolitikarane vil Jernbaneverket neppe høyra på, seier Westermann.

— Om vi skulle gripa inn, ville det blitt enda verre, seier fraksjonsleiar Torstein Rudihagen (Ap).

— Vi i Stortinget må forhalda oss til statsråden, ikkje gå forbi henne til eit underordna organ. Det ville skipla heile systemet; statsråden kontrollerer Jernbaneverket og Stortinget kontrollerer statsråden, forklarer Rudihagen.

Han er trygg på at dette vil gå rett for seg, utan at han avbryt ferien for å gripa inn.

Kjenner seg trygg

Plansjef Anita Skauge kjenner seg trygg på valet av VWI. Dei skåra høgst på alle kriteriar og har gode skussmål frå tysk jernbanemiljø, både med marknadsanalyser og høgfartsutgreiingar. Skauge menier dei framstår som minst like uhilda som konkurrentane. Også dei andre vil kunne nytta data frå Jernbaneverket og andre om norske tilhøve. At VWI opererer med ein litt lågare timepris er etter hennar vurdering inga ulempe.