I novembervått vestlandsvêr markerte Redningsselskapet tysdag at landets 18. frivillige sjøredningskorps langs kysten er på plass. 50 frivillige har sidan i sommar kursa seg for å delta i Sunnhordland-korpset, som får redningsskøyta "Simrad Færder" stasjonert på Eldøyane på Stord.

— Noko av det beste med landet vårt er når frivillige spelar på lag med det offentlege. Når så mange som 50 melder seg frivillig til å sikra beredskapen mellom Haugesund og Bergen, så viser dei at dei tek lokalsamfunnet på alvor. Eg er mektig imponert, helste Jon Georg Dale, statssekretær for Frp i Samferdsledepartementet på sitt første offisielle oppdrag ved markeringa på Leirvik i ettermiddag.

Ein milepæl, meinte Stords varaordførar Leif Steinar Alvsvåg (KrF).

Lang kystline

— Vi har ei lang kystline og eit sjøbasseng som yrer av liv, lyst og glede om sommaren, men sjøen ligg slett ikkje alltid stille. Då er det gull verd å ha ein beredskapsstyrke som dette. Redningsselskapet kan visa til bragder utan sidestykke, med 350 menneske berga frå drukning og over tusen fartøy assistert dei siste ti åra, sa Alvsvåg.

Etableringa i Sunnhordland blei også markert med at dei to redningsskøytene "Bergen Kreds" og "Simrad Færder" demonstrerte berging av folk over bord og sløkking av båtbrann i hamnebassenget på Leirvik.

900 frivillige

Dei frivillige sjøredningskorpsa utgjer ein stor beredskapsressurs langs kysten. 18 korps av totalt kring 900 frivillige bemannar halvparten av Redningsselskapets i alt 41 operative redningsskøyter. "Simrad Færder" på Stord er av den mindre fartøytypen, og vil i større bergingsoperasjonar få assistanse av den heiltidsbemanna "Bergen Kreds" i Haugesund.

Redningsselskapet utfører oppdrag på forespørsel frå hovudredningssentralane, kystradiostasjonane, politi og frå havarist direkte.