Innføringa av heilt nye krav til redningsutstyr om bord på alle snøggbåtar har endt i open krangel mellom reiarlaga og Sjøfartsdirektoratet.

Eigentleg skulle alle snøggbåtar, store og små, vere utstyrt med nye evakueringssystem innan 1. mars i år. Krava vart innført etter Sleipner-katastrofen, der flåtesystemet viste seg å vere fullstendig ubrukeleg. Ifølgje Sjøfartsdirektoratet har ikkje ein einaste snøggbåt fått godkjent det nye utstyret enno, og fristen er forlenga til 1. juli.

Upålitelege system

Etter dei nye reglane skal alle snøggbåtar vere utstyrt for det som på fagspråket heiter «tørrskodd evakuering», der passasjerane skal kome seg over i redningsflåtene via ei sklie eller ei lukka strømpe.

Evakueringssystema som finst på marknaden har vist seg å vere svært upålitelege, og ei lang rekkje testar i hardt ver har mislykkast. Sleipners systerskip Draupner er fortsatt ute av drift, etter gjentatte mislykka forsøk på å få godkjent det ombygde flåtesystemet om bord.

— Det har vorte avdekt frykteleg mange feil på utstyret. Ingen har hittil klart dei testane vi krev, seier underdirektør Arild Sætre i Sjøfartsdirektoratet.

Tysk system underkjent

Det er særleg hardværstestar som har bydd på vanskar. I slike testar skal redningsflåtane setjast ut i bølgjer så høge at dei er på grensa av det snøggbåtane har lov til å gå i.

Det finst i dag ingen system for tørrskodd evakuering som er typegodkjent. Difor må kvar enkelt båt gjennom omfattande testar for å vise at systemet dei har montert faktisk fungerer.

Med typegodkjent utstyr ville testane vore enklare, og mange reiarlag har håpa at typegodkjent utstyr skulle dukke opp på marknaden.

Det har hittil ikkje hendt. Sjøfartsdirektoratet valde tvert imot å underkjenne eit system som var typegodkjent i Tyskland, fordi dei meinte dokumentasjonen ikkje var god nok for at utstyret ville fungere.

Fryktar skade

Rederienes Landsforening har hissa seg kraftig opp over Sjøfarsdirektoratets strenge linje. Dei meiner krava er altfor harde, og viser til at fleire av reiarlaga har oppfatta dei nødvendige testane som direkte uforsvarlege, med fare for skade både på mannskap og kostbart utstyr.

— Vi er ikkje imot testar. Men slik dette er lagt opp no, er risikoen for stor. Vi ønskjer å få utsett fristen for montering av nytt utstyr, slik at produsentane rekk å utvikle typegodkjente løysingar, seier rådgjevar Bent Martini i Rederienes Landsforening.

Skal lære av Sleipner

Martini meiner det er heilt umogleg å få på plass nytt utstyr innan 1. juli. Sjøfartsdirektoratet har enno ikkje avgjort om fristen vil bli forlenga. Alternativet er full stopp i norsk snøggbåttrafikk.

Ifølgje underdirektør Arild Sætre er det registrert 350 snøggbåtar som kan ta meir enn 100 passasjerar. I tillegg kjem alle dei mindre snøggbåtane.

— Det kan kanskje vere snakk om 400-500 totalt, seier Sætre. Han legg ikkje skjul på at dei fatale feila som kom for ein dag under Sleipner-katastrofen har ført til ei kraftig innskjerping.

— Vi vart hardt kritisert etter Sleipner-ulykka. Det som hende den gongen skal vi lære av, seier Sætre.

fakta/redningsflåtar

  • Ingen av dei fire redningsflåtane på snøggbåten Sleipner fungerte som dei skulle då båten gjekk ned og 16 menneske omkom.
  • Granskingskommisjonen etter ulykka slo fast at flåtesystemet var alt for komplisert. I tillegg var konstruksjonen i strid med lovverket, ein feil direktoratets inspektørar aldri oppdaga.
  • Direktoratet skjerpa krava til redningsutstyr etter ulykka, med krav om både nye flåtar og nye redningsvestar.
UTE AV DRIFT: Sleipners systerskip Draupner er fortsatt ute av drift, etter gjentatte mislykka forsøk på å få godkjent det ombygde flåtesystemet om bord.
ARKIVFOTO: RUNE NIELSEN