1. oktober vert Naturhistorisk Vegbok, Hordaland, presentert på Bergen Museum, Universitetet i Bergen.

Samstundes vil det vera offisiell opning av VR-Hordaland, ei virtuell reise i Hordaland med kunnskapsstoff frå Naturhistorisk Vegbok.

Boka er oppfylgjaren av «Kulturhistorisk Vegbok, Hordaland» frå 1993 og er bygd over same leisten som den populære forgjengaren. Det er eit omfattande bokverk om fylket si naturhistorie, ei storsatsing på formidling av naturressursar og naturkvalitetar i Hordaland, ei reise ut i naturlandskapet og inn i kunnskapen.

Boka er på 568 sider med 1750 fotografi og illustrasjonar og vert utgitt av Bergen Museum, Nord 4 Bokverksted og Hordaland fylkeskommune. Hovudredaktør er geologiprofessor William Helland-Hansen ved Universitetet i Bergen. Hydro er hovudsponsor for bokverket, som vert lagt ut for sal i bokhandlarane på lanseringsdagen, 28. oktober.

Ei ny naturoppleving

Å sjå landskapet med geologen, botanikaren, zoologen og meteorologen sine blikk vil for mange vera ei ny naturoppleving, ei oppdagingsferd i makro— og mikrouniverset og ei utforsking av naturen omkring oss.

Lesaren vil finna stoff om steinkonglomerat som ligg slik steinane vart avsette for millionar av år sidan, om kleberstein og hellebrot, om blomeenger frå mellomalderen og varmekjære vokstrar i lune lier og yrande fugleliv på våtmarker og tidvassflater.

Dette er ei bok til nytte og glede for skule og friluftsliv, for reiselivet og for det breie publikum.

Storsatsing på formidling

Initiativ til denne boka vart teke for fleire år sidan av William Helland-Hansen.

— Føremålet var å få naturfagleg forsking ved Universitetet i Bergen ut frå kontora, arkiva og konferansane og fram til publikum, seier Helland-Hansen.

— Vi trur òg at ei bok som dette vil vera svært nyttig i naturfagundervisning på alle nivå og styrkja rekrutteringa til naturfag, noko som i høg grad trengst i landet vårt. Verket vil gjera folk meir medvitne om skattane i naturen, fremja naturvernet og vera ei stimulerande kunnskapskjelde for turistnæringa, seier han og legg til at han er svært glad for at Hydro så raust har gjeve tilskot til bokverket, seier han.

Tredimensjonalt

Hydro gir også VR-Hordaland til Bergen Museum. VR-Hordaland er ein interaktiv 3D (tredimensjonal) «flysimulator» for Hordaland fylke, der brukaren kan lande på stader omtalt i Naturhistorisk Vegbok og henta opp informasjon. Simulatoren vil stå permanent på museet og vil vera open for publikum.

Kilde: «På Høyden», nettavis for UiB