BJØRNAR SØRHEIM

Arbeidet byrja for ei veke siden, og vil kosta 100 millionar kroner. Byggherre for prosjektet er Grieg Development. Det er finansiert av private investorar. Oppå parkeringshuset skal ein byggja ein park, som saman med parkeringshuset skal vera til nytte for allmennheita

— Tanken er at både parken og parkeringshuset skal nyttast som offentleg byrom av Bergens befolkning, seier Gjert Atle Gundersen, administererande direktør i Grieghallen A/S.

Korleis parken kjem til å sjå ut, og kven som skal designa han, er det ingen som veit foreløpig. Grieghallen skal nemlig utlysa ein arkitektkonkurranse som vert arrangert i løpet av første del av 2005. Dei to nedste delane av bygget skal fungera som parkeringsplass permanent. Den øvste kan nyttast til fleire ting.

— Me ser føre oss at me kan gjera den øvste delen av parkeringshuset om til ei messe for utstillingar og liknande. Denne delen vil då verta stengt av frå resten av parkeringshuset, seier Gundersen.

— Ein av tankane er at me vil ha eit eksternt billettkontor ute på plassen, slik at me kan frigi meir areal inne, seier Gundersen. Ein draum er at det om sommaren kan ha konsertar ute på plassen.