Det er hobbyarkeologen Johannes Vik Seljebotn frå Øystese som har gjort det interessante funnet og har rapportert det til Universitetet i Bergen og Hordaland fylkeskommune, kulturavdelinga.

Kan vera gravplass

Dei sakkunnige har enno ikkje vore på staden og sett, men ut frå bilete og opplysningar, vert funna vurdert som interessante. Det er ikkje råd å slå fast kva dette er. Det kan vera ein offerstad, ein gravplass eller noko som elles er knytt til kultiske handlingar.

Professor i arkeologi ved Universitetet i Bergen, Svein Indrelid, trur det kan vera eit funn som har interesse:

— Det er gjort andre funn i dette området i Kvam og det vil ikkje vera usannsynleg at dette er eit funn frå jernalderen.

Indrelid trur at dette kan vera ein gravplass:

— Steinringane tyder på at det kan vera graver. Vi veit ikkje kva funksjon desse ringane har hatt, det kan vera for å halda jord på plass, for å hindra at noko eller nokon kjem inn eller bryt seg ut. Vi veit berre ikkje. Men slike funn høyrer jernalderen til. Eg vil tru at epoken frå rundt Kristi fødsel og fem hundre år fram mot vår tid er det nærmaste vi kan datera så langt, seier Indrelid.

To steinar- sju ringar

Johannes Vik Seljebotn fortel:

— Eg har funne to velta bautasteinar som er uvanleg store. I tillegg er det 7 steinlagde sirklar i området. Ein sirkel har større og gildare steinar enn i dei andre sirklane, og her ligg dei to bautasteinar som no er velta. Den eine er dessutan knekt i to. Den største bautasteinen er nærare fem meter høg , den andre rundt fire meter. Dei store steinane i sirkelen er av granitt, med små kvite kvartssteinar innimellom. Inne i sirkelen er det tett med mindre kvite steinar. To-tre skraverte steinar er av blåkvartsitt. I dei andre sirklane, som ligg asymmetrisk ved den største, ser ut til å vera granitt, seier Johannes Vik Seljebotn.

Det er fem år sidan han kom over teikn som kunne tyda på at dette var eit spennande oldfunn. Dei siste vekene har han rydda vekk busk og kratt rundt funnstaden ved Lund gard. Det er eit dokumentert faktum at denne typen steinringar svært ofte har oddetal.

Ekspertane kjem

Oldfunn er freda til arkeolog har vore på staden og vurdert kva det er. Arkeolog Jostein Aksdal i Hordaland fylkeskommune seier til Bergens Tidende at folk frå hans avdeling skal sjå nærare på funnet når snøen forsvinn:

— Vi har fått eit situasjonskart og vi har sett på bilete frå staden. Mykje tyder på at funnet kan vera eit fornminne. Inntil vidare ser vi på dette som eit viktig fornminne, seier Aksdal.

Johannes Vik Seljebotn har brukt mykje tid på å studere arkeologi og har vore mest oppteken av keltisk kultur. Han har lagt merke til at viktige offerplassar har ei markering rett mot nord, og ei rett mot vest. Det er ofte tilfelle her i landet.

Ut frå den kunnskapen han har samla, vart det også sett i gang arkeologisk graving ved Ingebrigt Vik-museet i Øystese då det nyleg skulle byggjast omsorgsbustader.

På Mikjelsflaten, rett nord for Lundanes, vart det dokumentert oldtidsfunn. Difor var det ikkje så vanskeleg å gjera nye funn rett vest for Lundanes

— Eg gjekk snorbeint etter kompasset, fortel han.