Nytt oldtidsfunn i Øystese

Myklje tyder på at det er gjort eit funn frå jernalderen i Øystese. Det kan vera ein gravplass eller offerstad nær Lund gard.

Bilder

  • GRAFIKK: BENTE LJONES
Del på e-mail Del på Twitter Del på Facebook Del på andre nettsteder
Det er hobbyarkeologen Johannes Vik Seljebotn frå Øystese som har gjort det interessante funnet og har rapportert det til Universitetet i Bergen og Hordaland fylkeskommune, kulturavdelinga.

Kan vera gravplass
Dei sakkunnige har enno ikkje vore på staden og sett, men ut frå bilete og opplysningar, vert funna vurdert som interessante. Det er ikkje råd å slå fast kva dette er. Det kan vera ein offerstad, ein gravplass eller noko som elles er knytt til kultiske handlingar.

Professor i arkeologi ved Universitetet i Bergen, Svein Indrelid, trur det kan vera eit funn som har interesse:

- Det er gjort andre funn i dette området i Kvam og det vil ikkje vera usannsynleg at dette er eit funn frå jernalderen.

Indrelid trur at dette kan vera ein gravplass:

- Steinringane tyder på at det kan vera graver. Vi veit ikkje kva funksjon desse ringane har hatt, det kan vera for å halda jord på plass, for å hindra at noko eller nokon kjem inn eller bryt seg ut. Vi veit berre ikkje. Men slike funn høyrer jernalderen til. Eg vil tru at epoken frå rundt Kristi fødsel og fem hundre år fram mot vår tid er det nærmaste vi kan datera så langt, seier Indrelid.

To steinar- sju ringar
Johannes Vik Seljebotn fortel:

- Eg har funne to velta bautasteinar som er uvanleg store. I tillegg er det 7 steinlagde sirklar i området. Ein sirkel har større og gildare steinar enn i dei andre sirklane, og her ligg dei to bautasteinar som no er velta. Den eine er dessutan knekt i to. Den største bautasteinen er nærare fem meter høg , den andre rundt fire meter. Dei store steinane i sirkelen er av granitt, med små kvite kvartssteinar innimellom. Inne i sirkelen er det tett med mindre kvite steinar. To-tre skraverte steinar er av blåkvartsitt. I dei andre sirklane, som ligg asymmetrisk ved den største, ser ut til å vera granitt, seier Johannes Vik Seljebotn.

Det er fem år sidan han kom over teikn som kunne tyda på at dette var eit spennande oldfunn. Dei siste vekene har han rydda vekk busk og kratt rundt funnstaden ved Lund gard. Det er eit dokumentert faktum at denne typen steinringar svært ofte har oddetal.

Ekspertane kjem
Oldfunn er freda til arkeolog har vore på staden og vurdert kva det er. Arkeolog Jostein Aksdal i Hordaland fylkeskommune seier til Bergens Tidende at folk frå hans avdeling skal sjå nærare på funnet når snøen forsvinn:

- Vi har fått eit situasjonskart og vi har sett på bilete frå staden. Mykje tyder på at funnet kan vera eit fornminne. Inntil vidare ser vi på dette som eit viktig fornminne, seier Aksdal.

Johannes Vik Seljebotn har brukt mykje tid på å studere arkeologi og har vore mest oppteken av keltisk kultur. Han har lagt merke til at viktige offerplassar har ei markering rett mot nord, og ei rett mot vest. Det er ofte tilfelle her i landet.

Ut frå den kunnskapen han har samla, vart det også sett i gang arkeologisk graving ved Ingebrigt Vik-museet i Øystese då det nyleg skulle byggjast omsorgsbustader.

På Mikjelsflaten, rett nord for Lundanes, vart det dokumentert oldtidsfunn. Difor var det ikkje så vanskeleg å gjera nye funn rett vest for Lundanes

- Eg gjekk snorbeint etter kompasset, fortel han.

Del på e-mail Del på Twitter Del på Facebook Del på andre nettsteder

Søk i skattelistene Topplister

Eks: Ola Nordmann

3 mest leste artikler »

Følg alle skip direkte

Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.

Søk i skattelistene

Eks: Ola Nordmann

Leder

Kommentar

Hilde Sandvik

Leder

  • Ideologisk bomskudd

    Regjeringen ønsker å gjøre det vanskeligere å tjene penger på privat barnehagedrift. Det er ikke veien å gå hvis målet er høyere kvalitet.

Kommentar

Frode Bjerkestrand

NRK1

  • 08:00 Migrapolis
  • 08:30 I sørhellinga
  • 09:00 Camilla Plum i hagen
  • 09:30 Billedbrev fra Latin-Amerika
  • 09:40 Sommeråpent (19)
  • 10:30 EM friidrett
  • 13:00 Dynastiet (18)
  • 13:50 Tilbake til 80-tallet (7)
  • 14:20 Drivhusdrømmer (6)
  • 14:50 Smaken av Danmark
  • 15:20 Krumt nebb og skarpe klør (1)
  • 15:50 Sommeråpent (19)
  • 16:40 Duften av nybakt (12)
  • 17:05 30 Rock (12)
  • 17:30 330 skvadronen (3)
  • 18:00 Oddasat - nyheter på samisk
  • 18:05 Nyheter på tegnspråk
  • 18:10 Tinas mat
  • 18:40 Norge i dag
  • 19:00 Dagsrevyen
  • 19:30 EM friidrett
  • 21:00 Dagsrevyen 21
  • 21:30 Sommeråpent (20)
  • 22:20 Pressa (5)
  • 23:05 Kveldsnytt
  • 23:20 Vår aktive hjerne (4)
  • 23:50 Rebus
  • 00:55 Dynamittgubben - Lornts Mørkved
  • 01:25 Blues jukeboks

NRK2

  • 12:35 I Amazonas med Bruce Parry (5)
  • 13:30 Lunsjtrav
  • 14:30 Livet som tenåring (6)
  • 15:00 Tyven i Bagdad
  • 17:20 Filmavisen 1960
  • 17:30 Solens mat (3)
  • 18:00 Folk
  • 18:30 EM friidrett
  • 19:30 Berulfsens fargerike (7)
  • 20:00 Tilbake til 80-tallet (8)
  • 20:30 Testen
  • 21:00 EM friidrett
  • 22:00 NRK nyheter
  • 22:10 Keno
  • 22:15 Kystlandskap i fugleperspektiv
  • 22:20 Moderne måltider
  • 23:15 Ikke bare Kulturuke - en feiring av Jan Erik Vold
  • 23:55 Sommeråpent (20)
Lukk vinduet