Nytt nei for Simon

Ti år gamle Simon har fått definitivt nei til opphald i Norge.

Les også:

I ettermiddag blei støttegruppa i Florø informert om avslaget.

- Dersom vi skal gå vidare må vi saksøkje den norske staten. Det er noko vi vil vurdere, seier Kåre Leif Hollevik, leiar i støttegruppa for den eritreiske guten.

Det var advokaten til Simon og faren Fkadu Thaye som i går blei informert om at Utlendingsnemnda har sagt nei til søknaden om opphald.

Må til Italia
Grunngjevinga er som før å finne i Dublinkonvensjonen. Norske styremakter meiner Italia var det første landet dei to var innom etter at dei flykta frå Afrika, og at det etter internasjonale reglar difor er Italia som skal ta stilling til saka deira.

- Utlendingsnemnda har i realiteten fatta ei avgjerd som er ein blåkopi av tidlegare vedtak, seier Hollevik.

Simon og faren blei henta av politiet heime i Florø om morgonen 14. april. Dei blei sette på eit fly til Gardermoen der dei overnatta på ei celle før dei dagen etter blei sende med første fly til Roma.

Bur i ein leir
Ifølgje Hollevik bur Simon og faren no i ein leir ein times køyring utanfor den italienske hovudstaden. I alt bur det 400 personar i leiren, dei fleste med afrikanske eller asiatisk opphald.

Dei to har opplyst at dei bur på rom saman med ti andre. Fkadu skal ha vore sjuk, og vore innom sjukehus.

- Vi har bedt dei to dokumenterer alt som skjer med dei framover, seier Hollevik.

Les også

Siste fra Lokalt

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

- Vi er avhengige av
at bilene får kjøre her

Butikkene på Strandkaien blomstrer etter at gravingen over.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Denne kan vere ein kraftrevolusjon

Det meiner to pensjonistar på Stord, som har pønska ut løysinga.

«I kveld kan det bli
vanskelig å sove»

På Ostereidet barneskule mistet en elev sin stefar denne uken. - Når verden ramler i hop, må skolen vise omsorg.

Relaterte bilder

TOK FARVEL: Med tårer i augo tok ti år gamle Simon farvel med vener og støttespelarar på flyplassen i Florø. FOTO: Egil Aardal

SENDES TIL ITALIA: For ni dagar sidan blei Simon og faren satt på eit fly til Oslo, og sidan vidare til Roma. FOTO: Egil Aardal

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger