— Vi får no vesentleg betre høve til å kontrollere at transport av personar og gods på vegane skjer på ein trygg og kvalitetsmessig god måte, seier samferdselsministeren Torill Skogsholm i ei pressemelding.

Registeret omfattar alle som har løyve til å transportere personar og gods: Drosjeløyve, selskapsvognløye, turvogn-, godsvogn- og handikapløyve.

Under kontroll langs vegane kan politi og Statens Vegvesen gå inn i registeret og sjekke om køyretøya køyrer lovleg, om dei har forsikring og papir i orden.

— Dersom politiet i Alta stoppar eit vogntog eller ein turbuss frå Bergen, kan dei no gå inn i registeret kva tid som helst på døgnet, seier prosjektleiar Åge Sellevåg i Hordaland fylkeskommune til bt.no.

Registeret vert oppdatert kvar dag.

Står i fylkeshuset i Bergen

Det nye registeret har kosta Hordaland fylkeskommune 1,2 millionar kroner å utvikle og er fysisk plassert på datamaskin i fylkeshuset i Bergen.

Dei andre fylka i landet har kjøpt seg inn i systemet. I tillegg har samferdselsdepartementet sett nytten og bidrege med 200.000 kroner.

Registeret er internettbasert. Det medfører at opplysingane frå løyveregisteret blir henta fram på datamaskin på same måte som ein hentar fram informasjon på nett.

— Dette er eit stort framsteg. Tidlegare hadde kvart fylke sitt eige register lagra i kvar sin database. No blir alle opplysingar lagra i eit nasjonalt løyveregister. Dette forenklar arbeidet, seier Sellevåg. Han fortel vidare at om registeret ikkje skaper nye arbeidsplassar, så sikrar det i alle høve dei arbeidsplassane ein har i dag. I tillegg har fylkeskommunen sikra seg ein særs god kompetanse.

Berre ros

Dette er ikkje første gongen samferdselsavdelinga i Hordaland er pioner på dette området. I 1994 utvikla dei databasen som fylka har nytta til sitt lokale løyveregister.

-I EØS-avtalen kom det krav om at alle løyvehavarar skulle ha bankgaranti. Dessutan kom det ny samferdselslov i fjor som og omfattar eit sentralt løyveregister. Vi greip tak i dette og sette ein datautviklar til å utvikle registeret. Vi har ikkje høyrt noko negativt om det nye systemet. Alle er positive, seier Sellevåg.

Snart kan du og søke

I samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune jobbar dei no med å utvikle eit nytt sideregister til allment oppslag.

— I løpet av nokre månader håper vi å kunne laga dette sideregisteret. Då vert det mogleg for alle å søke i registeret, seier Sellevåg til bt.no.

— Tyder det at folk då kan gå inn på til dømes kan inn på trafikksida til bt.no, og derifrå søke direkte i det sideregisteret som no vert utvikla?

— Ja, det skulle det ikkje vera noko i vegen for, seier Sellevåg.