Alt fordelt på rundt 20.000 oppslagsord og presentert over 4.000 sider tekst, video og lyd når verket er komplett ved påsketider.

Pilotprosjektet er realisert med støtte frå nrk.no, NRK Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Denne veka startar redaktør Otar Starheim med dei seks kommunane Askvoll, Aurland, Eid, Høyanger, Jølster og Selje. Deretter blir ein ny kommune lagt ut kvar veke framover til påsketider neste år.

— Vi håpar dette blir til nytte alle som treng informasjon og bakgrunn om likt og ulikt frå fylket, seier ansvarleg for internettleksikonet, NRK-nestor Ottar Starheim.

Starheim har hatt god hjelp frå ei mengd støttespelarar ute i kommunane, folk som skal sikre at det elektroniske oppslagsverket ikkje har openberre manglar i tilfanget. NRK-kollega Arild Nybø har tilrettelagt stoffet elektronisk og gjort det søkbart.

Fylkesleksikonet kan nyttast på fleire måtar; du kan bla etter geografi eller kronologi, du kan søke på ord eller namn, geografisk eller personar. I sjølve teksten kan du klikke deg inn på fordjupningar og relaterte emne.

Starheim nemner i si pressemelding døme på søkemetodar: Vil du til dømes vite kva verksemder i Eid som vart etablerte mellom 1850 og 1900, kva skipsforlis som har vore ved Stad, eller kvar kjende nolevande personar som er fødde i Aurland, så kan du bla i sidene med lister som er sortert kronologisk.

Du kan også gå rett på søkeord, eksempelvis "Gestapo", og få fram sider som viser heile historia om Gestapo i Sogn og Fjordane.

Når fylkesleksikonet er komplett med 26 kommunar rundt påske neste år, skal det haldast jamnleg oppdatert.

STOLT REDAKTØR: Denne veka startar redaktør Otar Starheim med dei seks kommunane Askvoll, Aurland, Eid, Høyanger, Jølster og Selje. Deretter blir ein ny kommune lagt ut kvar veke framover til påsketider neste år. (FOTO: NRK)