— Vi kjem kanskje seint, men vi kjem godt, og vi kjem på ei tid då veldig mange er opptekne av jernbane. Difor kan det bli lettare å no fram med synspunkta våre, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Fylkesordføraren er gudmor for prosjektet «Nye Vossebanen» som no er klar for høyringsrunde. Dagens rutetilbod og materiell tilfredsstiller ikkje moderne krav, kvelds- og helgetilbodet er mangelfullt, og samordninga med annan kollektivtrafikk er ikkje optimal.

To milliardar

Moderne togsett, betre komfort og kortare køyretid er stikkord i planen. For å få dette til, må krappe svingar frå 1800-talet rettast ut. Kryssingsspor må forlengast slik at lange godstog kan møtast på stasjonane.

Mange av delprosjekta er gammalt nytt hjå planleggjarane i Jernbaneverket, men i det nye dokumentet er elementa samanstilt og kan sjåast i samanheng.

Prislappen på utbetringar i infrastrukturen lyder på nær 1,8 milliardar kroner. Tiltaka i Bergen kommune vil sluka meir enn halvparten av kostnadene. Tett trafikk mellom Bergen og Arna er ein flaskehals som skal fjernast i tre operasjonar.

Enno er det ikkje sett to strekar under svaret.

— Den sterke etterspurnaden i anleggsbransjen for tida kan lett pressa kostnadene over to milliardar kroner, seier Thoralf Otnheim i Jernbaneverket.

— Det blir dyrt, vedgår Torunn Selsvold Nyborg. - Men så er det mykje å ta att òg. Ein del av den infrastrukturen har lege der sidan banen var ny.

Til Myrdal

Vossebanen avgrensar seg eigentleg til strekninga mellom Bergen og Voss. I denne samanhengen er strekninga Voss - Hønefoss også med; opp Raundalen og like til Myrdal der lokaltoga har samband til Flåmsbana.

Den nye turistskipskaien i Eidfjord har skapt ny rundturar, der toget transporterer folk mellom Voss og Geilo. Syklinga på Rallarvegen treng betre tilkomst frå vest.

Siktemålet er å få planen inn i Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2010-2019, og dermed utsikter til pengar på statsbudsjettet.

Visjonane fram mot 2019 er at Vossebanen skal bli førstevalet for alle som reiser på strekninga, og for dei som brukar banen på ein del av turen til og frå byane med til dømes parkering på Voss og i Arna.

I rushtida ser ein for seg fem-seks tog i timen mellom Bergen og Arna, derav eitt eller to som stoggar på veg til eller frå Voss. Den åtte minutt lange togturen går på den sterkast trafikkerte jernbanestrekninga i Nord-Europa, og har 48 avgangar i kvar retning på kvardagar.

1,5 millionar passasjerar

Prosjektleiar John Martin Jakobsen ser for seg eit passasjertal på 1,5 millionar med toget mellom Bergen og Arna kvart år mot slutten av perioden. Til og frå Voss reiser ein million, med reisetid godt under timen.

Både tog og stasjonar skal vera moderne utforma, og funksjonshemma får lett tilkomst. Stasjonane skal ha parkeringsplassar for bil og gode korrespondanse med buss.

Aust for Voss er det turistane som dominerer. Av 139.000 reisande mellom Voss og Myrdal vil 125.000 vera turistar. Hyttefolk utgjer mellom 4000 og 5000. Mellom Bergen og Voss er ein av fire passasjerar turist med rundreisebillett der Flåmsbana inngår (Norway in a nutshell).

Strekninga Bergen - Voss har så vidt passert ein halv million reisande, medan Flåmsbana bykste over halvmillionstreken i 2006 og enda på 536.693. Miksen mellom arbeidsreisande og fritidsreisande på Vossebanen er god. Pendlarane har kurs for byen om morgonen, og austover om ettermiddagen. Fritidsfolket reiser andre vegen. Dette gir god utnytting av kapasiteten.

Uavhengig av høgfartsbane

Tiltaka på Vossebanen er tilpassa arbeidet med å få ned reisetida på Bergensbanen, uavhengig av om høgfartsbane blir ein realitet.

— Eigentleg er dette eit utspel som Stortinget har bede om. Når det kjem frå politisk hald, gjerne støtta av Fylkestinget, kan det få stor tyngd, seier Thoralf Otnheim.

Han minner om at Stortinget valde traseen over Åsa for Ringeriksbanen, samstundes som prosjektet vart skuva mange år fram i tid. I same vedtaket oppmoda Stortinget om planar for mindre tiltak langs lina.

Prosjektdokumentet for Vossebanen går no ut på ein høyringsrunde der kommunar, reiselivsorganisasjonar, pendlarar og andre interesserte får høve til å uttala seg. Deretter går saka gjennom fylkeskommunale organ til Fylkestinget i slutten av mars, opplyser samferdselssjef Magnus Vestrheim.

Men alt 6. mars blir prosjektet presentert på den store jernbanekonferansen i Oslo. Fylkesordføraren har meldt seg på, og leiaren i Forum Nye Bergensbanen, Bjørn Christensen, har lova taletid.

— Det viktigaste blir likevel å få dokumentet inn til sekretariatet for NTP. Der blir premissane lagt for statsbudsjetta i mange år framover, seier Torill Selsvold Nyborg.