Sidan 1997 har det vore lov å behandle AD/HD-pasientar over atten år med narkotikaregistrerte medikament som Ritalin og amfetamin. Nærare 1700 pasientar over heile landet har fått slik utprøvande behandling.

Ein rapport om erfaringane, som no er overlevert Sosial— og helsedirektoratet, viser gode resultat. Eit fleirtal av pasientene opplever ein markert auke i livskvalitet, og få biverknadar er knytta til behandlinga. Det er ikkje rapportert om misbruk av medisinen.

— For mange vaksne AD/HD-pasientar har behandlinga vore til stor hjelp, seier leiar for Sakkyndig team ved Ullevål universitetssykehus, overlege Nils Olav Aanonsen.

«Kjempehjelp»

Kvardagen er blitt enklare, ifølgje tilbakemeldingar frå pasientane. Over nittifem prosent av dei som har brukt medikamenta i over to år, rapporterer om god eller svært god effekt, og om betre meistring både av arbeid, studium, familieliv og økonomi.

— Dei som har fått hjelp, har fått kjempehjelp. Pasientane har fått eit heilt nytt liv, utan at behandlinga har ført til misbruk, seier assisterande generalsekretær i AD/HD-foreningen, Knut Hallvard Bronder.

Behandlinga blir gjennomført under streng kontroll. Berre enkelte legar kan rekvirere medisin, og dei forpliktar seg til å følgje pasientane nøye. Personar med rusproblem deltek ikkje.

Allment akseptert

Sentralstimulerande medikament i behandling av barn og unge med AD/HD vart første gong brukt før den andre verdskrigen. Sidan har mange års praksis og studium vist at behandlinga kan ha ein beskyttande effekt, og føre til betre sosial tilpassing og redusert stoffmisbruk blant unge.

I dag er behandlingsmetoden allment akseptert blant fagfolk i den vestlege verda. Mellom 2000 og 3000 norske barn med AD/HD er til ei kvar tid under slik behandling i Norge.

Men nytten av sentralstimulerande medikament i behandling av vaksne med AD/HD har i liten grad vore vitskapleg dokumentert, og var forbode inntil 1997, fordi medikamenta er klassifiserte som narkotika.

«Barndomsdiagnose»

Det finst ikkje offisielle kriterium for diagnostikk av AD/HD hos vaksne, men ifølgje Aanonsen lever cirka 2000 nordmenn med diagnosen.

— Dette er ei organisk betinga funksjonsforstyrring, som kan samanliknast med epilepsi. AD/HD er primært ein «barndomsdiagnose», som ein før meinte forsvann ved 17-18-årsalderen, forklarar Aanonsen til BT.

— Men mange har framleis funksjonsproblem når dei vert vaksne, og blir dels ikkje forstått, dels neglisjert.

Aanonsen understrekar at behandling med sentralstimulerande legemidlar ikkje kan samanliknast med metadonbehandling for narkomane.

— Behandlingformene blir ofte samanblanda, også blant helsepersonell, men dette er noko heilt anna. Ritalin og amfetamin blir aldri delt ut til aktive narkomane.

- Minimal risiko

Rapporten konkluderer med at behandlingsmetoden bør bli eit permanent tilbod til vaksne ADHD-pasientar.

— Den kan innførast med minimal risiko for pasientar og samfunn, trass i at dette er narkotika, seier Aanonsen.

Sosial- og helsedirektoratet arbeider no med ein gjennomgang av behandlingstilboda til barn, ungdom og vaksne med ADHD. Eit utkast til nytt regelverk for bruk av sentralstimulerande legemidlar skal ut på høyring i løpet av sommaren.