– Me har tenkt og tenkt, men me finn ikkje ein naturleg måte steinen kan ha kome inn på, seier Alf Berland.

Han er dagleg leiar i Ytre Matre Energi. I går ettermiddag oppdaga entreprenøren som byggjer Ytre Matre kraftverk at ein stor stein hadde hamna inni i røyrgate. Onsdag var ein robot inni røyra, og videoen han kom ut att med, viste at steinen var ein stad mellom 10 og 15 kilo.

Røyrgata er 0,8 meter i diameter og 220 meter lang, og er sett saman av glasfiberrøyr.

– Me har så langt ingen mistenkte, seier operasjonsleiar Sven Johannessen i Hordaland politidistrikt.

Han seier skadeverket må ha skjedd i tidsrommet laurdag til måndag.

– Dette kan koma til å kosta fleire millionar, seier Berland oppgitt.

– Det må vera nokon som ikkje har så mykje å gjera på som står bak. Eg trur ikkje dei har ant konsekvensane, legg han til.

Kraftverket, som skal produsera nok straum til 500 husstandar, skulle starta opp 15. januar. Berland fortel at alt var i rute.

– Området der dei øydelagde røyra ligg, er vanskeleg tilgjengeleg. Entreprenørane har måtta støypa vinklingar for å få dei på plass. Dersom det ikkje er mogleg å reparera dei der dei ligg no, og nye røyr må leggjast, trur eg me kan snakka om forseinking på eit halvt år, seier han.