TERJE ULVEDAL

Datastyringa fører til enklare operasjonar enn tradisjonell ortopedi. Pasientane får mindre smerter etter operasjonen, opptreningsperioden etterpå blir kortare og protesane varer lenger.

I utlandet er denne måten å operere inn protesar blitt vanleg. Her i landet er Lærdal einaste sjukehuset med slike operasjonar. Men no kan det altså vere slutt.

Arna Kauppi er klar for operasjonsbordet.

— Eit typisk slitasjekne. Her er ingen brusk igjen, konstaterer overlege Truls Jellstad. Han har laga eit langt snitt i høgre beinet og bretta huda til sides. Vi ser rett inn på nakne beinet.

Om to timar skal 59-åringen frå Årdalstangen ha ein protese på plass i det vonde kneet. Det skal skje ved hjelp av knipetenger, boremaskiner og stikksager. Ein kneoperasjon er finortopedi med tungt utstyr. Ikkje noko for sarte sjeler.

Men som hjelpemiddel har legen også avansert datateknologi, eit utstyr Jellstad tok til å bruke då han praktiserte i Tyskland. Då han flytta tilbake, tok han det rett og slett med seg. Først til Hammerfest, no til Lærdal.

Navigasjonsutstyr

Overlegen står klar med boren i handa:

— Det vi skal gjere først, er å setje inn sendarar i leggen, forklarar han.

Frå sendarane samlar pc-en inn informasjon om Arna Kauppis anatomi i området i og rundt kneet. Basert på opplysningane viser datamaskina kvar protesen skal sitje.

— Det er omtrent som å køyre inn i ein by med GPS i bilen. Der viser datautstyret kva gater du skal køyre for å kome raskt og effektivt fram. Her viser det kvar vi skal plassere protesen, enkelt sagt eit navigasjonsutstyr. Ortopedi er framleis handverk, men med dette utstyret får vi elektronisk rettleiing.

Systemet blei utvikla som eit EU-prosjekt for sju år sidan. I Tyskland har no bortimot 350 sjukehus dette utstyret, og det er på tale å påby slikt utstyr for at operasjonane skal gje rett til refusjon frå trygdeetaten.

Lærdal-legen meiner norske ortopedar ofte er tilbakehaldne med å ta i bruk nytt utstyr. Når utstyret dessutan er kostbart, forklarar dette kvifor pc-systemet ikkje har fått innpass. Men om fem år trur Jellstad alle dei store sjukehusa i landet brukar dette.

— Det viktigaste med eit kunstig ledd er at det står korrekt. Ein bom på berre få grader vil ha stor betydning.

- Beste som har skjedd meg

Solveig Hagen (75) frå Leikanger har denne dagen gått i trapp for første gang etter at ho fekk nytt kne fem dagar tidlegare.

— Eg hadde trudd operasjonen skulle bli mykje verre. Det verkte litt første dagen. Sidan har eg ikkje kjent det grann, bortsett frå at det er litt stramt i såret når eg går, fortel ho.

Om to dagar skal ho skrivast ut. Deretter blir det 14 dagar opptrening på rehabiliteringssenter. Og om tre veker reknar Solveig med å vere fullt gangbar. Ho er langt på veg alt, finn fram krykkjene og spaserer i kjapp takt over golvet.

I Lærdal fryktar dei at heile kirurgisk avdeling skal ryke når helseføretaket i Sogn og Fjordane skal spare millionar. Truls Jellstad tok overlegejobben på ortopeden i vår, basert på lovnader om å få byggje opp ei ny ortopedisk avdeling. Nokre månader seinare kan avdelinga vere saga blott. Dersom det går slik, pakkar han pc-en og dreg tilbake til Hammerfest.

- Unikt tilbod

— Vi syns jo det er rart at slikt skjer når pasientar står i lange køar for operasjon. Det blir snakka så mykje om å fordele funksjonar mellom sjukehusa. Men dette er eit unikt tilbod i landet. Vi har ingen konkurrentar, understrekar oversjukepleiar Wenche Lie Lysne.

Sjukehuset i Lærdal har knapt gjort eit handtak for å marknadsføre tilbodet, bortsett frå å melde det inn til fritt sjukehusval. Men jungeltelegrafen har gått, folk kjem både frå Nord-Norge og resten av Vestlandet. Ventelistene ved sjukehuset er blitt lengre.

FINORTOPEDI MED TUNGT UTSTYR: - Det er som eg skulle ha vore på ein snekkarverkstad, konkluderte Arna Kauppi etter å ha blitt operert av Truls Jellstad. Ho var vaken under heile operasjonen. I bakgrunnen Pim Kandenbach.<br/>Foto: EIVIND H. NATVIG