Det blir industrirøyk i Ålvik også etter at produksjonen av ferrosilisiummagnesium neste sommar er ført over til Icelandic Alloys, grunna låg islandsk kraftpris. Elkem er klar til å gå inn med over 100 millionar kroner i alternativ industri.

Elkem Bjølvefossen si framtid heiter SPL (Spent Pot Liner), som er aluminiumindustrien sitt miljøfarlege katodeavfall. Omsmelting av dette avfallet til reint råjern kan i første omgang gi 60 arbeidsplassar i Ålvik.

I haust er 20 personar nytilsett ved Bjølvefossen, eit signal om at pessimisme er snudd til optimisme.

— På rett spor

— Vi har lyst til å vera optimistar. Det skjer no ein del ting her som vi trur fører Ålvik-samfunnet på rett spor, seier hovudtillitsvalt Frode Jacobsen ved Elkem Bjølvefossen.

— For tida er det gode prisar på standard ferrosilisium, som vi etter planen skal produsera ut 2008. Det kan henda dette vil gje oss ei bru inn i ei framtid der vi er like mange tilsette som i dag, seier Jacobsen.

Elkem har investert 30 millionar kroner i eit demonstrasjonsanlegg for attvinning av aluminiumindustriens problemavfall. I 15 år har Elkem utvikla denne prosessen, som ved Bjølvefossen skal skje i den ombygde omn 3, med prosjektstøtte frå Innovasjon Norge.

Går testproduksjonen bra, kan det bli investert ytterlegare 70 millionar kroner og større kapasitetsutnytting.

Vil bli miljøverk

— Dette er første steget i planen om å gjera Elkem Bjølvefossen til eit miljøverk, seier administrerande direktør Frode Nummedal.

Nummedal (40) har vore prosessmetallurg, produksjonssjef og verksdirektør ved Elkem Bremanger, og overtok i haust styringa av Bjølvefossen etter Fredrik Behrens (56), som er blitt direktør for Icelandic Alloys.

Produksjonen av ferrosilisiummagnesium skulle etter planen fasast ut og flyttast til Island innan februar 2008. Dette er utsett nokre månader.