Fylkesutvalet vil ha oppklaringsmøte med Rikstrygdeverket og dei funksjonshemma sine organisasjonar, og skal deretter ta saka opp til ny førehaving over nyttår.

I fylkesutvalet sitt møte 5. desember sette Magnar Lussand (Sp) på vegner av Ap, Krf, Sp og V fram forslag om at fylkesutvalet skulle ta saka om transportordninga opp til ny handsaming.

Fylkesutvalet vedtok følgjande fellesforslag frå Ap, Krf, Sp og V:

«1. Fylkesutvalet vil understreka at hovudsiktemålet med vedtaket i fylkesutvalet 21. november 2002, var å medverka til at staten gjennom grunnstønadsordninga, tildeler maksimal stønad til dei som har rettmessig krav på det. Ei omfordeling ville gjera at fleire brukarar kunne få del i transportordninga.

I ettertid ser fylkesutvalet at det har vore uklare signal frå Rikstrygdeverket i høve handtering av avkortingsordningane. Brukarane skal og høyrast før saka kjem opp på nytt.