KJERSTI MJØR

Dette har vore sommarens store spenningsmoment på Stanghelle: Får bygda behalde 7. klasse, eller blir klassen flytta til Vaksdal, slik politikarane har bestemt?

Få veker før skulestart er spørsmålet enno ikkje avklart, og på tampen av ferien blussar håpet opp på nytt: Ordføraren har nemleg kalla inn til ekstraordinært kommunestyremøte 12. august, for å drøfte saka på nytt.

Aller mest spent på utfallet er familien til den kreftsjuke elleveåringen Guro Gullbrå.

— Vi er veldig glade for at politikarane får sjansen til å sjå på saka på nytt, seier far til Guro, Kjell Atle Gullbrå, til BT.

Samla inn 81.000 kroner

Guro har netthinnekreft, og er sterkt redusert etter ein stor operasjon i mai. Etter planen skulle ho likevel byrje i 7. klasse på Stanghelle skule i haust.

Skulen ligg berre 300 meter frå heimen, og dit kan Guro lett kome seg, når ho er i form. På same måte kan foreldra raskt hente dottera, om smertene blir for store.

Men så vedtok politikarane å flytte 7. klasse til Vaksdal skule, for å spare 270.000 kroner. Foreldra er fortvilte over at den hardt prøva dottera får lang skuleveg, og bygdefolk har mobilisert for at Guro og dei andre i klassen skal gå saman på skulen i heimbygda.

Dei har gått frå dør til dør for å samle inn pengar for å oppretthalde klassen. Så langt har «Aksjon 7. klasse» samla inn drygt 81.000 kroner.

- Neppe heilomvending

Ordførar Øyvind Olsnes på si side gjorde det klart tidleg i sommar at det ikkje er aktuelt å gjere om vedtaket, eller ta imot pengane frå aksjonen. No skal likevel kommunestyret vurdere saka på nytt.

— Bakgrunnen er at foreldra ikkje har godteke vedtaket. 12. august kjem kommunestyret anten til å stadfeste vedtaket, eller gjere det om, seier fungerande ordførar Anneli Vatle Lilletvedt til BT.

Ho representerer Bygdelista for Stamnes og Eidsland, og stemde for flytting av 7. klasse i førre runde.

— Har du forandra meining?

— Eg trur ikkje det. Eg kan ikkje sjå at det har kome noko vesentleg nytt i saka, som får meg til å gjere heilomvending.

Avventar

Men Ole Kristian Risnes, ein av initiativtakarane til «Aksjon 7. klasse», held motet oppe.

— No avventar vi situasjonen. Det beste ville vere om kommunestyret snur, og gjer om vedtaket. Så kan Støtteforeningen for kreftsjuke born få pengane vi har samla inn, seier Risnes til BT.

SNART SKULESTART: Familien til Guro Gullbrå har fått nytt håp om at 11-åringen og dei andre klassekameratane kan gå i 7. klasse på Stanghelle skule til hausten. Neste veke skal kommunestyret vurdere saka på nytt. <p/> ARKIVFOTO: GIDSKE STARK