Nytt håp for nakkeskadde
Helsestyremaktene skal bruke 10 millionar kroner på å forske på eit unikt behandlingsopplegg for nakkeslengskader.
- Publisert: 11.aug.2006 06:00
- Oppdatert: 11.aug.2006 06:29
Metoden blir praktisert ved Firda fysikalsk-medisinsk senter på Sandane. Både diagnostisering og treningsopplegg er utvikla i eit samarbeid mellom Nordfjord-senteret og Haukeland universitetssjukehus.
- Nakkeskadde er ei pasientgruppe det ofte blir sett på med mistenksame auge, og det offentlege tilbodet til denne pasientgruppa er ikkje tilstrekkeleg. Vi håpar resultata frå dette forskingsprosjektet skal bidra til ei meir målretta rehabilitering, seier Bertel Rune Kaale, spesialist i manuellterapi og dagleg leiar ved senteret på Sandane.
Unifob Helse, eit forskingsselskap under Universitetet i Bergen, skal gjennomføre prosjektet.
Trene muskulatur
Behandlingsmetoden tek utgangspunkt i at leddbandskader i øvre delar av nakken ikkje kan opererast fordi dei ligg utilgjengeleg til. Løysinga blir dermed trening av muskulatur for å erstatte funksjonen til dei skadde leddbanda.
Kaale var ein av dei første som greidde å diagnostisere skader på leddband mellom nakken og hovudet. For 12 år sidan fekk han med seg overlege Jostein Kråkenes ved nevroradiologisk avdeling på Haukeland. Han utvikla ein metode for å ta bilete av bandstrukturen i øvre nakkeregion, og tok doktorgraden på dette for to år sidan.
Pasientar frå heile landet har siste åra reist til Sandane for å bli diagnostiserte og få rehabilitering. I behandlinga brukar senteret ei datastyrt maskin til testing og behandling. Nakketestmaskinen viser tap av muskelfunksjon, kva type funksjonar som er reduserte og lagar ein profil på kvar pasient som blir brukt i vidare opptrening.
- Vi har sett saman kjende behandlingsmåtar frå ulike land og makta å vere nøyaktige, og dermed få ei målretta opptrening, seier Kaale.
Må betale sjølv
Pasientane som søkjer seg til Sandane må dekke opphaldet sjølv. I regelverket til Rikstrygdeverket heiter det at dei berre får dekka reise til næraste manuellterapeut.
Mange av pasientane som kjem til oss har gått med plagene frå to-tre til 15-20 år. Dei har prøvd dei tilboda som er tilgjengelege. Ved senteret på Sandane går dei først gjennom ein seks timar lang test, før det blir sett opp eit program for rehabilitering, seier Kaale.
Kvart år tek 250 pasientar frå heile landet denne testen. Fleire har i etterkant av behandlingsopplegget fortalt om betra livskvalitet og reduserte smerter.
Søk i skattelistene Topplister
Bilder
3 mest leste artikler »
-
- Separerer oss om vi må
Ektepar fra Stryn vurderer å ta ut separasjon for å unngå boplikten på gårdsbruket de eier.
På forsiden nå
- 21:02 Utsetter åpningen av Knappetunnelen
- 21:01 Satte verdensrekord i drageflyging på Gaza
- 19:27 Ringvei Vest: Skal sprenge under huset
- 17:48 Fikk hjelp av Zlatan
- 17:12 Isbjørn dro mann ut av teltet på Svalbard
- 16:59 Hoppet i Puddefjorden
- 13:48 - Det lukter diesel i hele havnen
- 13:42 Hva har skjedd her?
- 13:39 Padlere angrepet av isbjørn
- 13:09 Røyk fra celle
Webkamera
Følg alle skip direkte
Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.








































