SMS (Short Message Service) er ikkje berre brukande til ungdommelege meldingar mellom mobiltelefonar. Meldingane går i aukande grad til eller frå dataanlegg i store og små firma eller institusjonar. Du kan stemma på banens beste spelar i ein TV-sendt fotballkamp, eller eit sjukehus kan på ein blunk informera alle sine sjukepleiarar om eit akutt arbeidskraftbehov.

Med språkteknologi treng ein ikkje lesa meldinga på eit display. Ho blir lest opp. Dermed kan meldinga sendast til vanlege hustelefonar, og ho kan mottakast i situasjonar der lesing på ein liten skjerm er umogeleg eller fårleg, til dømes under bilkøyring.

Viva Technologies har nyleg inngått avtale om å bruka VoiceCard frå Nordisk Språkteknologi As på Voss (NST) i sine talemeldingssystem. Skriftlege meldingar vert omgjort til tale med god lydkvalitet. Talesyntesen ligg tett opptil menneskestemma, og er utvikla på norsk, dansk, svensk og engelsk.