Nybygget er kome under sperr, og ytterveggene er delvis på plass. Etter alt å døma vil mykje av sommarsesongen går med før det er klart for opning.

Kritisk

Toalettilhøva i Kvanndal har vore sterkt kritisert. Det gamle venterommet med tilhøyrande toalett var i ein så dårleg forfatning at det måtte stengast.

Det første provisoriet som kom på plass, var velbrukte og lite innbydande stemnetoalett. Seinare har dei vorte bytt ut med stadig nyare og betre modellar. No er det permanente under bygging.

Snøhetta

I samband med etableringa av Turistveg Hardanger vart det lagt planar for ein større turistmagnet i Kvanndal, teikna av det prislønte arkitektfirmaet Snøhetta.

Her var det også i tidlegare tider laga innretningar til tidtrøyte for unge og gamle i lang ferjekø, laga med enkle midlar av ein grunneigar med godt handlag.

Snøhetta sin plan har ikkje materialisert seg. Turistvegprosjektet har problem med å skaffa nok pengar.

I mellomtida må ein nøya seg med det som no er under oppføring. Det er ikkje spektakulært på Snøhetta-vis, men dekker vonleg dei basale behov.

TILTRENGT: Nybygget med venterom og toalett er under oppføring ved Kvanndal ferjekai. I framgrunnen bord og stolar i stein, til glede for trafikantar i tidlegare tiders lange ferjekøer.
ARNE HOFSETH