For nokre veker sidan kunne det sjå ut som om eit fleirtal av partia i fylkestinget var budde på å overlata innkjøp av nytt billettutstyr til busselskapa.

Administrerande direktør Arne Buanes i Gaia Trafikk sa til BT 27. september at dei kunne ha i drift eit nytt billettsystem til sommaren 2004 om dei fekk grønt lys no.

I føremiddag var det berre Framstegspartiet og SV som røysta for å overlata saka til busselskapa. Terje Søviknes, Frp, hadde registrert stor frustrasjon hjå selskapa over at saka drog ut.

— Forprosjektet har tatt lang tid. No vil hovudprosjektet også ta lang tid. Eg meiner vi bør ta i mot invitten frå selskapa om å kjøpa inn det nye billettutstyret, sa Søviknes.

Fleirtalet røysta likevel for å utsetja av-gjerda om finansiering til desembertinget. Fylkesrådmann Paul M. Nilsen meinte at også dette var for knapp tid, og rådde til at saka om finansiering vart utsett heilt til tinget i mars.

Det var full semje i fylkestinget om at det er på høg tid med eit nytt billettsystem. Den største effekten vil vi få i Bergen sentrum, der dei reisande kan kjøpa billettar på automatar som vert sette opp på haldeplassane. Dermed vert mykje tid spart som no går med til å kjøpa billett hjå sjåføren. I tillegg skal nye elektro-niske kortlesarar arbeida mykje snøggare enn dei lesarane som i dag er i bruk.

Kyrre Stensnes frå SV la i sitt innlegg vekt på trongen for ei snarleg løysing for busstrafikken i Bergen. Han var redd for at visjonane om eit system som knyter saman fleire fylke kunne seinka arbeidet med å løysa problema der dei er størst, nemleg i Bergen.

Prisen for det nye utstyret er førebels utrekna til ca. 70 millionar kroner for Hordaland. HSD Buss og Gaia Trafikk meiner dei kan reisa denne summen på kort tid, medan fylkeskommunen enno ikkje veit kvar dei skal henta pengane frå.