For nokre veker sidan kunne det sjå ut som om eit fleirtal av partia i fylkestinget var budde på å overlata innkjøp av nytt billettutstyr til busselskapa. Administrerande direktør Arne Buanes i Gaia Trafikk sa til BT 27. september at dei kunne ha i drift eit nytt billettsystem til sommaren 2004 om dei fekk grønt lys no.

I føremiddag var det berre Framstegspartiet og SV som røysta for å overlata saka til busselskapa. Terje Søviknes, Frp, hadde registrert stor frustrasjon hjå selskapa over at saka drog ut.

Fleirtalet røysta for å utsetja avgjerda om finansiering til desembertinget.

Det var full semje i fylkestinget om at det er på høg tid med eit nytt billettsystem. Den største effekten vil vi få i Bergen sentrum, der dei reisande kan kjøpa billettar på automatar som vert sette opp på haldeplassane. Dermed vert mykje tid spart som no går med til å kjøpa billett hjå sjåføren. I tillegg skal nye elektroniske kortlesarar arbeida mykje snøggare enn dei lesarane som i dag er i bruk.

Kyrre Stensnes frå SV la i sitt innlegg vekt på trongen for ei snarleg løysing for busstrafikken i Bergen. Han var redd for at visjonane om eit system som knyter saman fleire fylke kunne seinka arbeidet med å løysa problema der dei er størst, nemleg i Bergen.

Prisen for det nye utstyret er førebels utrekna til rundt 70 millionar kroner for Hordaland. HSD Buss og Gaia Trafikk meiner dei kan reisa denne summen på kort tid, medan fylkeskommunen enno ikkje veit kvar dei skal henta pengane frå.

Hordaland fylkesting har elles vedteke ...

— at fylkestinget skal ha 57 representantar frå og med fylkestingsperioden som startar etter valet hausten 2003. Bakgrunnen er m.a. at fylkeskommunen har fått innskrenka ansvarsområde etter at staten tok over sjukehusa i fylket.

— at fylkeskommunen ikkje skal søkja om å delta i forsøk med såkalla einskapsfylke, dvs. ei ordning med felles organisering av fylkeskommunen og fylkesmannen sine oppgåver.

— at Fjell kommune får forskottera seks millionar kroner til bygging av gang- og sykkelveg langs fylkesveg 209 mellom Våg og Foldnes.

— at Os kommune får forskottera inntil 4,5 millionar kroner til opprusting av ein strekning på fylkesveg 158.

— at Fusa kommune får forskottera 15 millionar kroner til opprusting av fylkesvegen mellom Fusa og Strandvik.

— at investeringsbudsjettet for 2002 vert redusert med 14,8 millionar kroner. Bakgrunnen er ei avgjer i Kommunaldepartementet om at Hordaland fylkeskommune ikkje får låna meir enn 125 millionar kroner til investeringar i år.

Nedskjæringa fordeler seg med 2 millionar mindre til fellesanlegg for musea, 9 millionar mindre til Sund vidaregåande skule, 1 million som var avsett til Lindås gymnas og 2,8 millionar som var tenkt brukt til biobrenselsanlegg ved Stend jordbruksskule.