Heile 16 år etter Tsjernobylulukka, som ga radioaktivt nedfall fleire stadet i Sogn og Fjordane, er sauene overraskande radioaktive i haust.

— Vi kjenner ikkje årsakene til at radioaktiviteten i kjøtet har stige; auken har kome heilt uventa, seier Bente Lien ved Næringsmiddeltilsynet sitt kontor i Førde til avisa Firda.

Dermed må bøndene fleire stader starte nedfòring av dyra før dei blir sende til slakteriet. No blir det inntil åtte veker ekstrarbeid med beiting på heimebøen og ekstra lang fòring av slaktedyra for dei sauebøndene som er hardast ramma. Ekspertane er sikre på at problema skuldast nedfallet av det radioaktive stoffet cesium frå Tjsjernobyl i slutten av april 1986.