OVE ARNE OLDERKJÆR

I vel ein månad hadde Hatleskog vikariert i stillinga som administrerande direktør då verftet rett før helga fekk tildelt kontrakten verd 4300 millionar kroner. 4,2 millionar nye arbeidstimar i ordreboka sikrar sysselsetjinga ved hjørnesteinsbedrifta fram til våren 2007.

I går var det tid for feiring. 2000 kakestykke var kjøpt inn og fordelt på tilsette på verftet, ute på Kristinplattforma på reia, i Oslo og i Hammerfest. Nøkternt. Ingen champagne, ingen jubelrop.

— Dette gir oss ei god, indre ro. Det er lenge mellom så lange horisontar i denne bransjen. Men me kan ikkje slappa av. Eg er audmjuk med omsyn til kor stor denne jobben er, seier Nils Arne Hatleskog til Bergens Tidende.

Syg på karamellen

— Denne karamellen kan me suga på ei stund. Men det ligg store utfordringar framfor oss, ikkje minst logistikk- og personellmessig. Det er mange folk me skal ha oppover til Aukra, seier Sandnes-mannen som pendlar mellom Stord og hus og familie på Jæren - kone og to søner på 11 og 15 år.

Nils Arne Hatleskog er utdanna både ingeniør og økonom. I 1988 tok han til i Kværner-systemet, følgde med over i fusjonerte Aker Kværner, og kom til Aker Stord som økonomidirektør 1.april i fjor.

39-åringen vikarierer ut 2004 i sjefsstillinga for Stian Vemmestad, som er sendt til Kårstø for å få verftets utvidingsoppdrag der trygt i hamn.

Blir ikkje reisebyrå

Nils Arne Hatleskog ser ikkje føre seg at Aker Stords enorme verftsområde blir liggjande brakk i framtida fordi arbeidarane blir sende langt av garde på oppdrag.

— Me har tre bein å stå på: Landanlegg, fjerningsmarknaden og feltutvikling. Marknaden for landanlegg, som Ormen Lange og Snøhvit, er stigande. Fleire plattformer i Nordsjøen skal fjernast, og der har me erfaring. Me har også tru på fleire feltutviklingsoppdrag, og skal vera klare når dei dukkar opp, seier Hatleskog.

— Me vil framleis ha trong for areal og kompetanse på Stord. Det er nettopp det som gjer oss fleksible og i stand til å ta på oss oppdrag. Ein solid heimebase og fleksibilitet på verkstaden gjer oss sterkare i konkurransen, seier Nils Arne Hatleskog optimistisk.

FULL GASS: Når Nils Arne Hatleskog og Aker Stord sender Kristinplattforma (i bakgrunnen) til Norskehavet neste vår, konsentrerer verftet seg om store oppdrag på bortebane; Snøhvit-terminalen ved Hammerfest og Ormen Lange-terminalen i Aukra.<br/>Foto: OVE ARNE OLDERKJÆR