— For første gong er det no ei skikkeleg merka turlagsløype til topps, og vegen opp til foten av fjellet er gjort køyrbar for personbilar. Dette gjer at Storehesten er blitt mykje lettare tilgjengeleg som turmål for folk flest, seier Helge Kårstad i Gaular.

Til helga er det innviing av den nye løypa, inkludert motbakkeløp og den mektige lyden av sveitsisk alpehorn oppe på toppen.

I mål til alpehorn-lyd

Laurdag går startskotet for Storehesten Opp, der arrangørane håpar på meir enn 500 deltakarar i trim- og konkurranseklasse.

Den sveitsiske alpehornisten Marc-Antoine Grec er for tida i Sunnfjord i samband med Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Sveitsaren kjenner sjølvsagt opphavet til sitt instrument, og takka ikkje nei da han fekk spørsmål om å blåse i hornet frå toppen av Storehesten.

Så når dei første konkurranseløparane entrar toppen ved 13-tida laurdag, blir dei møtt av alpehornlyd i tillegg til publikumsapplaus.

Er ikkje løparane skikkeleg møre i beina etter den lange og bratte turen opp, blir dei det garantert av duren frå det meir enn fire meter lange trehornet. Etter sigande skal lyden bere godt over distansar på rundt fem kilometer.

Konkurranse

Helge Kårstad har store forventingar til motbakkeløpet, som han håpar skal bli eit årleg arrangement. I år utarbeider idrettsforbundet nye retningsliner for denne typen løp, og Kårstad meiner traséen i Storehesten Opp vil bli godkjent innanfor desse.

— Konkurranseklassen startar i Bygstad, heilt nede ved sjøen. Trimklassen startar på rundt 400 meters høgd. Samanlikna med eit motbakkeløp som eksempelvis det steile Skåla Opp i Nordfjord, blir dette eit meir kupert løp, seier han.

Dermed får konkurranseløparane ein ni kilometer lang trasé med 1209 meters stigning. På ryggen skal dei ha sekk som veg minst 2,5 kilo.

Barn, eldre og oss andre middelvegsfararar i trimklassen nøyer oss med fem kilometers gange som stig om lag 800 meter.

Kårstad ventar at vinnartida i konkurranseklassen blir ein plass rundt ein time og ti minuttar.

«Sunnfjords perle»

Men vi andre brukar minst den tida vi treng på denne fjellturen.

Frå sentrum av Bygstad viser nye, offisielle vegskilt bilvegen opp til Stølshaugane ved foten av det nakne fjellmassivet. Her startar den nymerkte turstien, og det blir teltleir, mat og drikke på løpsdagen.

— Det finst ein del førestillingar om kor vanskeleg det er å gå på Storehesten. Men vi meiner at barnefamiliar greitt og sikkert kan ta seg til topps på rundt tre timar, seier Helge Kårstad. - Det er ingen superlett tur i flatlandet, men det er nettopp så spektakulært og tøft som mange barn likar.

Turen går først gjennom eit lite parti tett skog, forbi Kårstadstølen og vidare innover aust for fjellmassivet. Så skrår løypa opp og inn mellom Storehesten og Litjehesten, bak og rundt Storehesten. Siste oppstiginga går såleis på vestsida av fjellet.

Den siste delen av traseen står elles godt skildra og illustrert i boka «Opptur» (Selja Forlag), som presenterer Storehesten under tittelen «Sunnfjords Perle». I boka er ei anna tilkomstrute brukt, og dermed får ein mykje lengre tur enn den nymerka løypa som no ligg klar.

.

FRÅ START TIL MÅL: Helge Kårstad (oppe til venstre) er oppvaksen ved foten av Storehesten, og meiner at fjellmassivet i bakgrunnen er ein tur for folk flest på den nymerka løypa. Storehesten byr på ei variert og spektakulær oppstiging, og er godt merka. Ole Jakob Sande og André Haugsbø (oppe til høgre) la denne veka ut fleire kilometer tau i løypetraseen. Den som vågar å kikke utfor kanten på toppen ser rett ned på Bygstad, rundt 1200 meter under (biletet nede til høgre).
Apneseth, Oddleiv