— Lerum-fabrikkane ligg blant fjord og fjell i Sogndal - det er klart vi skal snakke nynorsk, seier tredje generasjon Lerum, Kåre Lerum.

Etikettar, tv-reklamar, internettsidene - til og med ingrediensane på pakningen står på nynorsk på Lerums produktar. Kåre Lerum vedgår at det var eit tøft val å ta - å kutte ut bokmål.

— Vi frykta negative reaksjonar og fordomar frå storbyane Oslo, Bergen og Trondheim - det var nesten så vi ikkje torde satse på det. Mange meinte det ville vere ein katastrofe for bedrifta. No haustar vi lovord og det kjem fleire og fleire verksemder etter, seier Lerum, som heile sitt yrkesaktive liv har jobba i familiebedrifta.

— Det er blitt in å tale nynorsk, legg han til.

Det er fyrste gong Noregs Mållag deler ut denne prisen. I juryen si grunngiving heiter det mellom anna:

«Med produkt frå denne verksemda på frukostbordet får nynorsken ein plass i alle slags miljø i landet. Lerum AS er eit nynorsk industrieventyr.»

— Vi er opptekne av å sjå mest mogeleg nynorsk i media, i skulen og resten av det offentlege. Det går lang tid mellom kvar gong ein ser ein tv-reklame på nynorsk. Dette er noko av bakgrunnen for Nynorsk næringslivspris, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Kåre Lerum overlet roret til noverande administrerande direktør i Lerum AS, Jan Petter Vadheim, i 2004.

— Han har min fulle tillit - han både skriv og talar nynorsk, seier Lerum spøkjefullt.

Leiinga i saft- og syltetøyprodusenten kan ikkje garantere for at det ikkje finst ein og annan setning på bokmål igjen i heile konsernet.

— Du må hugse at vi har over 100 millionar etikettar, seier administrerande direktør Jan Petter Vadheim.