• FOTO: Vegar Valde

Nynorskøy i bokmålsland

Møt ein historisk 2. klasse: Tidenes første nynorskklasse på Minde skole.

Les også:

Ei hand skyt i vêret på bakarste benk.

– Eg er nynorsk, eg!

– Kva meiner du?

– Jo, at eg snakkar litt nynorsk og litt lærdalsk. Mamma er nemleg frå Lærdal og pappa frå Vågsøy. Trur eg, legg Øystein Hennøy Vikesland til.

Dei 11 elevane i klasserommet går i 2C, som er den første nynorskklassen nokon gong på Minde skole.

– Det er flott, synest Kasper Benjamin Karlsen, og gøy å vere her med venene mine og lære nynorsk og greier!

Berre ein annan byskule i Bergen har nynorskklasse: Landås skole med 12 elevar på 6. trinn.

Les også: – Større aksept for nynorsk – Større aksept for nynorsk

Nynorskrevolusjon
Foreldre tok initiativet til nynorskrevolusjonen på tradisjonsrike Minde skole, som vart bygd i 1925.

– Både mannen min og eg har vore nynorskbrukarar heile livet. Då vi skjønte at ungane våre skulle lære bokmål, vart det veldig feil for oss, seier Gry Vikesland, mor til tvillingane Øystein og Håvard.

– For oss er det viktig at dei lærer nynorsk, og vi veit at andre foreldre tenkjer på same måte. Bokmål lærer ungane uansett i Bergen

Foreldre kan krevje at skulen opprettar parallellklassar i nynorsk eller bokmål, dersom ti elevar eller fleire ønskjer eit anna opplæringsspråk enn skulen sitt.

Vikesland er glad for at mange nok foreldre stod bak kravet om nynorskklasse for 2.-klassingane.

– Det er utruleg positivt både for ungane og for skulen!

Les også: Bokmål spiser av strilelandet Bokmål spiser av strilelandet

«Ikke» og «ikkje»
Men kva er skilnaden på å lære nynorsk og bokmål? BT spør 2C.

– Det er ganske forskjellig, forklarar Vebjørn Søreide Øyestad

– Eg har ei oldebesta i Stryn, og skjønar ikkje alltid kva ho seier. Ho seier til dømes «spøte».

– Kva betyr det?

– Å strikke!

Nestemann med handa i vêret er Håvard Hennøy Vikesland.

– På bokmål seier dei «ikke» og på nynorsk «ikkje», opplyser han.

– Men kva seier du?

– Ikkje.

Rektor Arve Lønnheim legg ikkje skjul på at han vart overraska over at så mange foreldre ønskte nynorskklasse.

– Det må eg kunne seie. Det var også litt overraskande at det plutseleg skjedde i år, seier Lønnheim.

– Kva synest du om det?

– Eg har ingenting i mot nynorskklasse. Det er foreldra sin demokratiske rett. Vår største utfordring var plassmangel.

Men kven var Ivar Aasen?
2C brukar det kombinerte biblioteket og pc-rommet som klasserom. Når andre klassar skal bruke rommet, må nynorskklassen flytte litt rundt kvar dag.

– Det hadde vore endå kjekkare med nynorskklasse om vi hadde hatt eit ledig rom til dei, seier Lønnheim.

2C er for seg sjølve i norsk, matte, RLE og samfunnsfag. Resten av skuletida er dei saman med dei 36 andre 2.-klassingane på Minde skole.

Ann Kristin Berge er handplukka til jobben som kontaktlærar. Ho er oppvaksen i Arna, og har vore nynorskbrukar heile livet.

– Vi måtte ha ein lærar som har nynorsken meir under huda enn oss reinhekla bergensarar, seier Lønnheim.

Norsk står på timeplanen, og klassen har nettopp fått sitt første skikkelege lesehefte – «Tuba Luba» i nynorsk utgåve. 2C skal få jobbe i fred. BT har berre eit spørsmål til:

– Har nokon her høyrt om Ivar Aasen?

Stille. Så går ei hand sakte i vêret.

– Han var ein mann, seier Tiril Totland.

– Meir hugsar eg ikkje.

Diskré tek læraren klassen i forsvar.

– Det er tidleg i skuleåret. Vi er ikkje komne til Ivar Aasen enno, seier ho lågt.

Er det viktig at born lærer nynorsk på skulen? Sei meininga di.

Les også

Siste fra Lokalt

Kranglete mann kom kjørende full på fest

Politiet rykket ut til Rosendal.

- Dette er så unødvendig

Mann sendt til legevakt for å sy sårene etter å ha ramponert flere biler i Fabrikkgaten.

Her stiller han klokken

«Jeg er kongen av Bergen», ropte mannen etter å ha dyttet på viserne.

- Aldri sett så mye grisekjøring

Her fliser han forbi, tett inntil land i høy fart.

Krasjet på land med båt

Båtfører i 40-årene sendt til sykehus.

  • Ein språkleg parallellklasse er ein klasse med eit anna opplæringsmål enn skulen sitt.
  • Dersom ti foreldre eller fleire ønskjer eit anna opplæringsmål i barneskulen, har dei rett til å krevje at skulen opprettar ein slik klasse.
  • Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar att i klassen.
  • Fylkesmannen løyver skjønnsmidlar over statsbudsjettet til språklege parallellklassar, slik at kommunen/skulen ikkje blir påført ekstrautgifter.


Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger