Storebror HSD er ei nynorskverksemd. Veslebror Gaia driv med bokmål. Likevel får nyfusjonerte Tide vedtekter på bokmål. Det vil målungdommen gjere noko med.

I ein e-post til leiinga og styret i HSD og Gaia skriv Bergen Målungdom at det nye selskapet bør få nynorsk i vedtekter og nynorsk som bruksspråk.

Mathias Hunskår Furevik i Bergen Målungdom meiner at eit stort transportselskap på Vestlandet må spegle målforma som er typisk for landsdelen.

— Ti år fram i tid hadde det vore ein marknadsfordel å vere ei nynorskverksemd. Kanskje kjem det nye utanlandske aktørar inn i kollektivmarknaden. Då signaliserer språkvalet ein lokal tilknyting, seier han.

— Trur du bergensarane vil ha rutehefte og all annan bussinformasjon på nynorsk?

— Det er ikkje noko problem. Skal dei ta ein annan buss utan nynorsk då? Om nynorsk er regelen i selskapet, vil det alltid vere unntak på bokmål. Det er vanskelegare andre vegen.

Furevik trur nynorsken gjekk tapt på grunn av hastverket rundt fusjonen. Målungdommen har difor, som ein ekstraservice, omsett vedtektene til nynorsk. Håpet er at bedriftsforsamlinga i det nyfusjonerte selskapet vil votere over målsaka.

Gunnar Buvik, prosjektdirektør i HSD, forsikrar at selskapet også i framtida vil nytte mykje nynorsk, sjølv om vedtektene er skrivne på bokmål.

— Kva vil HSD gjere med dette innspelet?

— Vi tar det til etterretning. Det er fint at dei engasjerer seg, seier Buvik.