Nynorskfolket i Høgre tapte strida då førre partiprogram blei vedteke i 2009. Då vedtok Høgre at partiet meiner det skal vera valfritt med eksamen i skriftleg sidemål på vidaregåande.

Men programkomiteen som har laga forslaget for perioden 2013-2017, vil at språkpolitikken til dei konservative skal bli endå meir radikal, skriv Aftenposten.

I tillegg til at det skal vera valfritt skriftleg sidemål på vidaregåande skule, vil dei også innføra valfridom på ungdomsskulen.

Og noko som er heilt nytt, er at dei vil at tilsette i det offentlege skal få meir språkleg valfridom. No må byråkratar svara på den målforma dei blir skrivne til. Men programkomiteen i Høgre vil at dei skal få svara på den målforma dei sjølv ønskjer.

— Historielaust

Medan mange på Austlandet kanskje vil jubla over dette, set det sinnene i kok enkelte stader på Vestlandet.

— Dette er historielaust og noko eit verdikonservativt parti bør halda seg for god til, seier Peder Sjo Slettebø, medlem av fylkestinget i Hordaland og kommunestyret i Kvinnherad.Høgre-politikar Peder Sjo Slettebø driv til dagleg eit bakeri, og er ein aktiv forkjempar for nynorskens ve og vel.

Slettebø har tidligare hatt fleire leiarverv i Unge Høgre, og var sentralstyremedlem der til og med i fjor.

Han får støtte frå ein kjent vossing og nynorskbrukar.

— Dette er ikkke ei sak som vil vinna valet for Høgre. Og det er tåpeleg at folk står så hardt på dette. Det er utruleg mange viktigare saker Høgre bør jobba for. Når alt det andre er ordna, kan me heller diskutera denne saka, meiner Arne Hjeltnes, sentralstyremedlem i Høgre.

- Meir til irritasjon enn gagn

Slettebø og Hjeltnes får også støtte av Liv Kari Eskeland, leiar av Hordaland Høgre og ordførar på Stord.

— Dette er ei dårleg sak for Høgre. Og eg trur det vil vera til meir irritasjon for målfolket, enn til gagn for dei som ønskjer at skriftleg sidemål ikkje skal vera obligatorisk på ungdomsskulen og vidaregåande. Me vil tapa noko av kulturen vår om me svekkjer det nynorske målet, seier Eskeland.

Arne Hjeltnes meiner også at det ikkje er bra for Høgre å fjerna kunnskap frå skulen.

— Eg vil ikkje bli raudgrøn om eg tapar denne saka, men dette er heilt unødvendig å gjera. Dette er ikkje ei samfunnsreform som er overhengjande viktig for nasjonen.

Eskeland seier ho vil ta saka opp på landsmøtet i mai.

— Eg trur ikkje at elevar blir betre på skulen ved å ta vekk fag. Me har to likestilte målformer i landet vårt, og me bør lera begge.

Slettebø fryktar at denne saka kan føra til tapte stemmer for Høgre på Vestlandet i årets val.

— Eit vedtak om å svekkje mållova vil på sikt undergrava Jamstellingsvedtaket (stortingsvedtak frå 1885 som likestilte riksmål og landsmål). Det kan oppfattast som eit åtak på den vestlandske identitetskjensla, og det vil vera vanskeleg for fleire lokalpolitikarar på Vestlandet å forsvara denne politikken om det blir vedteke.

Fridom vs. tvang

Bent Høie er nestleiar i Høgre og leiar av programkomiteen som står bak dei nye forslaga.

— Det er viktig å ivareta begge målformene. Men me meiner at det blir best ivareteke ved at ein får hovudvekta av undervisninga på den målforma som ein sjølv har valt. Ein skal jobba med tekstar på sidemålet, men ikkje ta eksamen.

Forslaget om å innføra større valfridom for målform i det offentlege forklarar han slik:

— Me trur at det vert synda mykje mot reglane i dag. Då er det mykje betre å la folk skriva på den målforma dei vil. Det betyr også at dei som skriv nynorsk, skal få gjera det til den majoriteten som skriv til dei på bokmål.

Høie avvisar kritikken frå Slettebø om at desse forslaga er noko eit verdikonservativt parti bør halda seg for god til.

— Det er fullt mogeleg å vera verdikonservativ, samstundes som ein meiner at målformene er best tente med valfridom i staden for tvang og statleg regulering.

- Arbeider på skattebetalernes regning

Slettebø på si side avfeier argumenta om språkleg fridom for byråkratar.

— Dei arbeider på skattebetalarane si rekning, og då må dei halda seg til den målforma innbyggjarane ønskjer å kommunisera med dei på. Det at nynorsk og bokmål er likestilt, har ein stor verdi for Noreg, meiner han.

Stord-ordførar Eskeland er derimot litt meir pragmatisk med tanke på at offentlege tilsette skal få lov til å velja målform.

— Eg registrerer at det er ein del dårleg nynorsk i dei svara me får.

Arne Hjeltnes seier han ikkje har veldig sterke meininger om akkurat den delen av forslaget.

— Men eg ser heller ikkje at dette er den reforma det offentlege byråkratiet treng mest. Eg har heller ikkje forstått at det er stor motstand blant saksbehandlarar fordi dei somme gonger må svara på nynorsk.

Kva synest du om nynorskforslaga?

- HISTORIELAUST: Høgre-politikar Peder Sjo Slettebø frå Kvinnherad fryktar Høgre vil tapa stemmer i Hordaland på grunn av nynorsksaka.