Noregs Mållag har denne hausten ein aksjon for å få nynorsken inn i daglegvarebutikkane. Men allereie før aksjonen starta, opna ein Rema 1000-butikk i Volda med berre nynorskskilt. Det skriv avisa Sunnhordland.

Stordabu og leiar av Noregs Mållag, Hege Myklebust, tok kontakt med Rema 1000 på Stord etter ho las om nynorsk-butikken i Volda på fredag.

— Folk må få møta språket sitt andre stader enn berre i skulebøker og i lokalavisa si, påpeikar ho.

Butikksjef på Rema 1000 Heiane, John Ståle Eldøy, var straks med på forslaget.

— Me får plakatane i løpet av hausten, seier han nøgd.

— Veldig bra, seier Hege Myklebust. Ho oppmodar no andre butikkar å bruka nynorsk.