ARNE HOFSETH

Den gode, gamle tanga er jernbindarane sitt mest brukte verkty.

— Vi har maskiner til slikt, men dei er upraktiske i bruk her, fortel Hans Petter Birkeland og Trond Espeland til Bergens Tidende.

Skredoverbygg

— Det har med dimensjonane å gjera. Det skal grovare armeringsjern til, her oppe, enn i eit vanleg hus, forklarer sjefen deira, anleggsleiar Tommy Grindheim hjå Backer Entreprenør AS i Bergen. Dei har hovudentreprisen på det solide skredoverbygget som Jernbaneverket bygger over Bergensbanen ved Ristesund, høgt over Klevavatnet.

Prefabrikerte betongelement var ikkje aktuelt for rallarane som bygde Bergensbanen. Og stubbebrytaren er i dag erstatta med svære mobilkraner. Dei løfter ferdigstøype bitar av taket på plass. Så snart jernbindarane har fått bunde saman armeringsjernet, kjem Per Bäckehag (46) svingande med eit heilt betongblandeverk på gummihjul.

Ekte, svensk rallar

— «Pelle» er den verkelege rallaren, svensk til og med. Han er lærar, men har ikkje ro i sjela utan ein økt på anleggsarbeid i ny og ne, seier sjefen hans, Jon Arne Solhaug hjå underentreprenøren Aurland Energibygg AS.

Det mobile betongblandeverket er eineståande her i landet. Store mengder betong til høgfjellet er ei stor utfordring. Solhaug fann løysinga i Italia. «Pelle» køyrer rundt med sin firehjulstrekte doning på svære gummihjul og med blandetrommel på «ryggen». Han hentar sement i siloen, singel og sand i haugane, og vatn frå slangen. Så tromlar og går blandinga medan han køyrer tvers over jernbanesporet og inn under mobilkrana si rekkevidde. Versågod. Fersk betongblanding levert.

FOR HAND: Også den moderne rallararen brukar jernbindingstang. Nærmast på bildet er Hans Petter Birkeland og Trond Espeland.<br/>Foto: ARNE HOFSETH
SVENSK SPESIAL: Den svenske rallaren Per Bäckehag i sitt eineståande mobile betongblandeverk.
SNØOVERBYGG: Jerbaneverket byggjer skredoverbygg over Bergensbanen, ved Ristesund.