Det er Sogn Avis som i dag fortel den dramatiske historia om ferjekaifødselen ein junikveld i fjor.

Lokalavisa for Indre Sogn har siste tida hatt fleire saker om situasjonen for dei fødande i distriktet. Mangel på jordmorvakter og svikt i følgjetenesta gjer at fødande ofte reiser til sjukehus utan verken ambulanse eller jordmor.

I fjor sommar opplevde Ottar Norvald Lid at ei ung kvinne fødde på ferjekaia på veg til sjukehuset i Lærdal. Han blei ståande rett bak det unge paret i ferjekøen. Kvinna stod ute og støtta seg til bilen, mannen sat inne og snakka i telefon. Lid la straks merke til at det var noko spesielt.

– Først trudde eg dei hadde krangla. Men så såg eg ungen kom. Han gjekk rett i asfalten, fortel han.

Like etter kom ambulanse med lege til ferjekaien. Kvinna og det nyfødde barnet blei tekne inn i ambulansen. Den var med ferja over fjorden og kvinna kom seg altså til sjukehuset i ambulanse etter at ho hadde fødd.

– Det er debatten om tilbodet til dei fødande som gjer at eg meiner det er ei historie som ålmenta bør få høyre, seier Lid.

Sogn Avis skriv at dei har fått stadfesta at historia er sann. Det skjedde ein fødsel på Manneheller ferjekai ein junikveld i fjor. Paret som fekk barn har no flytta frå Sogn.

ODDLEIV APNESETH