JAN STEDJE

Barnet heiter Alexander og er ei veke gamal. Tre-generasjonsfamilien på sju har valgt å flytte til veglause Finnabotn, inst i Finnafjorden, heilt inne i Stølsheimen landskapsvernområde. Der har ingen budd fast på mange år. No blir det liv og røre. Og livberging på turisme. Om dei framleis får straumen framført i ledningane.

NVE seier kutt

Statens sitt øvste tilsynsorgan i straumsaker, NVE, har gitt Sognekraft fritak for å levere straum til Finnabotn. Det blir for lite lønsamt. Og Sognkraft har nett-monopol.

I søknaden om fritak for leveringsplikt som monopolisten Sognekraft har sendt NVE heiter det at ingen «kan bu om vinteren» i Finnabotn. Fjorden frys til. Og det er ikkje leveringsplikt av straum til sommarhus. Det har NVE akseptert.

Fylkesmannen positiv

Det unge ekteparet har fått ja av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til å byggje nytt hus og drive tursime i denne delen av Stølsheimen landskapsvernområde. Gravemaskina er komen. Men kan dei bygge?

Vesle Alexander har ein god forkjempar i bestefaren Ingebrigt Røyrvik:

— Sognekraft sitt varsel om at selskapet ville søke fritak for å levere straum kom som lyn frå klar himmel. Dette er som å få seg ein midt i fleisen, seier den nybakte bestefaren til Sogn Avis.

Vakt oppsikt

Vedtaket i Sognekraft har vakt oppsikt, ikkje minst etter at selskapet står på sitt også etter at flytteattesten til Finnabotn for tregenerasjonsfamilien på sju, er sendt Sognekraft.

— Eg seier meg ugild som ordførar i Vik kommunestyre når vi behandlar anken i vedtaket om å gjera Finnabotn starumlaus, seier ordførar Erling Stadheim. Han er også styreformann i Sognekraft, og er no komen på andre tankar: - Sognekraft må ta opp igjen denne saka, seier han.

Det er straum-håp for Alexander. Og Finnabotn.

BARSELGÅVA: Ikkje akkurat noko hyggeleg gåve til nybakt mor Carina og vesle Alexander - frå monopolisten Sognekraft.
FOTO: SIGRID SVARTEFOSS, SOGN AVIS