— Dette er eit svært godt opplegg, dersom alt vert gjennomført. Særleg er eg nøgd med den sterte satsinga på Kyststamvegen, seier leiaren i samferdslenmenda i Hordaland, Gustav Bahus, Frp, til bt.no.

Av store anlegg som kan verta fullførde og opna i denne perioden er Bybana, Ringveg vest, 1. byggjesteg, Halsnøysambandet, Austevollsbrua, Hardangerbrua og Jondalstunnelen.

I Bergen sentrum vil Michael Krohns gate, Håkonsgaten og Vaskerelven verta opprusta og det vil verta opprusting av Østre Nesttunveg.

Berre 2 av dei 8 milliardar kronene kjem frå staten. Resten er bompengar og ulike lokale tilskot.

I tillegg til dei store anlegga ovanfor, vil følgjande veganlegg koma i gang og verta fullførde i perioden 2006-2009:

E 39:

Jektevik-Sandvikvåg, Sørås-Hop, nye ferjekaiar på Halhjem og i Sandvikvåg, Gammelsæter-Nipetjørn (Romarheimsdalen). Statens vegvesen har og god von om start på anlegget Rådal-Svegatjørn i perioden. Likeins reknar vegvesenet med start på Eikåstunnelen i Åsane.

E 134:

Ny veg forbi Rullestadjuvet vert opna.

E 16:

Strossing av Dalevågtunnelen og Helletunnelen mellom Stanghelle og Dale.

For perioden 2010-2015 føreslår vegdirektøren følgjande anlegg i Hordaland:

E 39:

Fullføring av veganlegget Rådal-Svegatjørn, opprusting av vegen mellom Vikanes og Romarheim bru.

E 16/Rv 13:

Tunnel bak Vossevangen og ny veg gjennom forbi Skjervet på strekninga Voss-Granvin.

<b>FÅR PENGAR: </b>Av store anlegg som kan verta fullførde og opna i denne perioden er Bybana, Ringveg vest, 1. byggjesteg.