Vegstellet spanderer over 300.000 kroner på den gamle køyrebrua mellom Voss og Sogn, slett ikkje fordi ho fører til KrF-politikar Jon Lillethun sin barndomsheim, men rett og slett fordi det er ei flott bru, vel verd å ta vare på.

Skromlebrua, med 90 graders sving både før og etter, fekk avløysing av ei moderne rett-fram-bru i samband med stamvegopninga for E16. No inngår Skromlebrua i tilkomstvegen til to småbruk, det eine med eks-statsråden, no parlamentarisk førar, som medeigar.

— Einaste arbeidsteikninga vi har, er eit fotografi, fortel Petter Flage i Vegstellet. Det er han som leiar arbeidet, eit litt annleis prosjekt enn den daglege donten.

— Vi har fjerna rekkverk av betong og jernskrammel, og fått på plass nye stabbesteinar, så like dei opphavelege på biletet som mogeleg, opplyser Flage.

Dei fleste stabbesteinane har dei funne i steinbrotet på Graudo.

For å fullføra verket, i samsvar med fotografiet, skal det lagast nytt smijernsrekkverk gjennom augeboltar i stabbesteinane.

Til våren skal det leggast vegdekke av asfaltert pukk, så det ikkje blir for glatt, men likevel ser staseleg ut. Flage veit ikkje kva tid på året brua opphaveleg vart opna i 1903, men kan tenkja seg ein seremoni på forsommaren neste år for å markera fullført rehabilitering.

Og kanskje kjem Lillethun ...