4. september hadde fylkeskommunen invitert dei nytilsette rektorane, saman med dei som slutta av ved dei same skulane, til ei samling. Fylkesrådmann Paul M. Nilsen og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld takka dei avtroppande rektorane for innsatsen og ynskte dei nye velkomen til viktige leiarstillingar i fylkeskommunal teneste.

Dei nye rektorane

  • Anne de Lange, Bergen maritime videregående skole.
  • Leiv Vidar Ask, Norheimsund vidaregåande skule.
  • Venke Barrikmo, Rogne vidaregåande skule.
  • Margrethe Fredhøi, Sandsli videregående skole.
  • Leif Helge Engelsen, Stord vidaregåande skule.
  • Unn Fauskanger, Voss gymnas,
  • Asbjørg Hesjedal, Voss husflidskule.
  • Odd Kløve, Voss vidaregåande skule.
  • Martin Risøy, Åsane videregående skole.
  • Lin Holvik, Nordahl Grieg videregående skole som er ny og skal opna til skulestart hausten 2010. Den 11. skulen som skal få ny rektor er Kvinnherad vidaregåande skule.

To av dei nye rektorane kjem frå rektorjobbar ved andre vidaregåande skular i fylket. Unn Fauskanger kjem frå Voss husflidsskule og Martin Risøy frå Norheimsund vidaregåande skule.Avtroppande rektorar

Dei andre som nyleg har slutta som rektorar: Bjørn Jæger (Bergen maritime vgs.), Hilde Gjester Hoel (Kvinnherad vgs.), Ragnhild M. Lidal (Rogne vgs.), Jorstein Torvik (Sandsli vgs.), Egil Bergesen (Stord vgs.), Erik Sølvberg (Voss gymnas), Jorunn Lødemel (Voss vgs.) og Egil Hovda (Åsane vgs.).

Hilde Gjester Hoel har byrja som avdelingsleiar ved Odda vidaregåande skule.

NYTILSETTE: Nytilsette rektorar i Hordaland fylkeskommune. Framme frå venstre: Odd Kløve - Voss vidaregåande skule, Leif Helge Engelsen - Stord vidaregåande skule, Anne de Lange - Bergen maritime videregående skole, og Lin Holvik - Nordahl Grieg videregående skole. 2. rekkje: Venke Barrikmo - Rogne vidaregåande skule, Asbjørg Hesjedal - Voss husflidskule, og Margrethe Fredhøi - Sandsli videregående skole. 3. rekkje: Leiv Vidar Ask - Norheimsund vidaregåande skule, Unn Fauskanger - Voss gymnas, og Martin Risøy - Åsane videregående skole.