— Det har blitt eit stort problem i eit samband som vårt som berre har ei ferje. Ein dag var det fem avgangar med redusert kapasitet. Folk kjem for seint til viktige avtalar, seier Per Gunnar Hammer, lokalpolitikar i Jondal.

Frå 15. september er det nok med ein gassbil om bord før maksimalt 25 passasjerar får lov å følgja ferja. Dette gjeld ferjer utan skumsløkkingsanlegg, og dei er det flest av i Hordaland. Særleg hardt slår regelendringa ut i ferjesamband med stor gjennomgangstrafikk av gasstransport, som Jondal-Tørvikbygd og Leirvåg-Sløvåg.

Ny stuingsplan

Rundskrivet frå Sjøfartsdirektoratet om farleg last kom i sommar etter ein høyringsrunde blant ruteselskap og andre maritime aktørar.

For ferjene handlar det i hovudsak om ein ny stuingsplan på fartøy med og utan skumsløkkingsutstyr. For nyare ferjer som har slikt anlegg, er reglane blitt lempelegare. Ferjer utan skumanlegg har fått fleire typar farleg last å ta omsyn til, blant anna alle typar gass.

- Mykje strengare

— Det er blitt mykje strengare, og meir omfattande krav å forholda seg til, seier kaptein Bjørn Hjartnes på MF «Etne», 94-bilarsferja som trafikkerer det stadig travlare sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd i Kvam.

«Tørvikbygd-Jondal: Det vil bli begrenset kapasitet (maks 25 passasjerer) kl.08.15 fra Jondal grunnet transport av farlig last.» Denne Norled-meldinga fekk Per Gunnar Hammer ein dag sist veke, etter følgt av tilsvarande meldingar for avgangane kl 12.25, 16.40, 19.00 og 20.15 samme dag.

Vurderer dispensasjon

— Mange bilar har stått att på kaien, folk har måtta utsetja eller kansellera viktige avtalar. Slik kan vi ikkje ha det, seier Hammer.

Jondal-sambandet er særleg belasta med ein god del gasstransport. Vi vurderer om vi skal søkja dispensasjon, seier Henrik Eidsvik, fagansvarleg for farleg last i Norled.

— Vi søkjer i tilfelle om dispensasjon for transport av dei gassane som ikkje er brannfarlege, seier Eidsvik, og stadfestar at det har blitt ein del attståande bilar på ferjekaiane som følgje av dei nye krava.