Interessa var upåklageleg då Statens vegvesen la fram reviderte vegplanar for bompengeprosjektet Vossapakko, som allereie er påbyrja, pluss nye planar for veg til Bavallen og flaumsikring av E16 i Holbygdi.

Må flytta

Frammøtte var opptekne av kva vegliner, tunnelmunningar og rundkøyringar får å seia for deira eigedommar. Prosjektleiar Lars Magne Røneid fekk møta, andlet til andlet, familiar som får livet snudd på hovudet. Planendringane fører til at husa deira må rivast, og dei må skaffast ny stad å bu.

Aukande trafikk

— Vil breiare tunnel auka bompengesatsane?

— Det er ikkje sikkert at tunnelen blir dyrare. Endringa i austenden sparer oss for ei kostbar kryssing under jernbanen. Men vi skal køyra ei ny kalkyle så snart vi har detaljane på plass, seier Røneid.

Oppjustering av dimensjonane skuldast reviderte trafikkprognosar. Men fleire bilar gir også større bompengeinntekter.

Krøll på Seim

Den kronglete tilførslevegen til skule- og bustadområda på oppsida av jernbanen vest for Vangen skaper meir hovudbry.

— Grunntilhøva ser ut til å vera så dårlege at det må pelast, og brua over både jernbane og utvida E16 kan bli ekstra lang og dyr, seier Røneid.

Han stadfester av veglina for lokalvegen ikkje er optimal, men Voss kommune, som er reguleringsstyresmakt, aksepterer ikkje gunstigare line over jordbruksland.